Artikkelen er skriven av Inge Fænn.

- Dette var moro, var den korte kommentaren frå skiskyttaren og langrennsløparen Tarjei Bø etter aller første sigeren på Strynemila før han tok til seg av den framsette safta. Dei færraste hadde tippa at han skulle kome i mål før maratonmannen Helge Hafsås som nærast har abonnement på sigrane i lokale løp av denne typen. Nokre rundar til kunne nok gitt eit anna resultat, og Hafsås kjende Jølster Maraton i beina, men han var likevel imponert over ungguten som skal prøve seg på 10.000 meter på Byrkjelo til helga.

Strynemila hadde samla berre 15 deltakarar i konkurranseklassen, og det var berre menn og ingen kvinner som stilte til konkurranse denne gongen. I mosjonistklassen var det 75 deltakarar med Ivar Dårflot (96) som eldste deltakar. Talet på mosjonistar viser at Strynemila er komen for å bli. Dette var den 23. tilskipinga, og før den ordinære Strynemila var Jalmar ute med ei barnetevling der det stilte 75 deltakarar. Det lovar for framtidig rekruttering til sjølve mila. 11 år gamle Lars Midthjell Gjørven var den aller raskaste av dei unge talenta.

Resultat:

12-16 år:
Johannes Bø, Markane 40.18
Eirik Bøe, Markane 47.28
Gisle Bøe, Markane 49.06
Trygve Sæten, Markane 54.05

17-29 år:
Tarjei Bøe, Markane 32.47
Mateusz Balon, Hardbagg 38.20
Jens Einar Aaland, Hardbagg 43.58
Yngve O. Furnes, Skavøypoll 48.22

30-39 år:
Tom Rune Lian, Wiersholm BIL 34.54
Joar Sunde, Olden 38.44
Petter Andersen, Aktiv Skøyteklubb 40.17

40-49 år:
Helge Hafsås, Olden 33.17

50-59 år:
Einar Strand, Olden 39.45
Ragnar Furnes, Måløy 40.25

60-69 år:
Ludvig Birkeland, Førde 53.05

I papirutgåva av Fjordingen er der bilete frå Strynemila.