Svein Inge Buhaug kjem opphaveleg frå Årdal og var såleis på heimebane da han tok seg opp den 11,5 km lange løypa med 1010 høgdemeter stigning. I mål var han 1.46 framføre Tvedt, etter å ha leia med 50 sekund da 6 km og 400 høgdemeter var unnnagjort.

I motsetnad til mange av dei andre motbakkeløpa på Vestlandet går Heirsnosi Opp på veg, og Jon Tvedt kjem nok sterkare tilbake når han igjen får gleda av å klyve ur.

10 sprang Heirsnosi Opp på tid medan 18 fullførte Duatlonen. I Timeklubben, som startar 400 m over havet, deltok 38. Kollisjonen med Det Norske Fjellmaraton var nok ikkje gunstig for deltakinga i Heirsnosi Opp.

Resultatliste Heirsnosi Opp, 2008

K2 23 - 34 år

1 Merete Helgheim Gloppen 01:06:51
2 Åse Klinkenberg Jevnaker IF 01:25:10

M1 16 - 22 år

1 Thomass Henanger ÅTIL 01:05:50
2 Geir Nyland ÅTIL 01:06:23
3 Eirik Kvanli ÅTIL 01:22:27

M3 35 - 39 år

1 Svein Inge Buhaug Vidar 00:52:13

M4 40 - 44 år

1 Jon Tvedt Gular 00:53:59
2 Kjell Erling Mundal Jølster 00:59:19

M6 50 - 54 år

1 Jon Øy ØÅBIL 01:13:15

M7 55 - 59 år

1 Trond Lillealtern Varegg 01:07:50

Resultat Heirsnosi Duatlon

Resultat Timeklubben

"Buhaug suveren til tusen" - i porten.no

"Slo Jon Tvedt i Heirsnosi Opp" - i Sogn Avis

Bilete på heimesida til Heirsnosi Opp