Løpet er på 3,4 km og har ein stigning på 28%. Det var fyrste gongen me arrangerer motbakkeløp i Lærdal og me var difor spente på responsen,. Oppslutnaden var over all forventning,både blant mosjonistane og spesielt dei aktive. Me hadde på førehand rekna med lokale utøvarar, bygdafolket trenar motbakke som aldri før her i Lærdal, men at so mange utanbygds, langvegsfarande og i Norgeseliten i motbakkeløp, hadde teke turen til Lærdal for å delta på Storehaugen Opp, hadde me ikkje forventa. Me er imponert over at deltakarane kom frå heile Sør Noreg, frå 25 klubbar og fordelt på dei fleste klassar er rett å slett imponerande. Når me i etterkant får berre positive tilbakemeldingar både frå aktive og mosjonistar, føler me at me har fått att for innsatsen med å planlegge og tilrettelegge løpet. Me fekk tilbakemeldingar som " har aldri vore borti betre løype å springe i" og " Traseen er som skapt for eit motbakkeløp, sjåast neste år" uttala av totalvinnaren Arild Een.
Arild Een frå Ørnar vann totalt med tida 35,41 og Mats Mjøs Andersen frå Varegg kom inn på 36,36, Leif Bjarne Grindedal frå Feios Il vart nr 3 totalt. Kjempetider og på Ole Martin Erdal , Førde og Dag Henry Nilsen frå Vaksdal på 4de og 5 te plass totalt. Alemayehu Sitotaw kjent maratonløpar frå Varegg hadde saman med Nancy Sommer teke turen til Lærdal og sjølv om han ikkje er spesielt motbakkeløpar, kom han inn på 40.09. Sterke tider i fleire klasser, totalvinnar blant damene var ikkje ukjente Merete Helgheim frå Gloppen med tida 41.18, klasseseier og til Nancy Sommer og Anna Tråve, som begge delvis stillte på heimebane. Kjempetid og i veteranklassen 55-59 menn, der Torodd Lybeck frå Fagernes måtte slå seg slått av John Arild Andersen, NHH
med supertider rundt 42 minutt. Henviser elles til resultatlista og til heimesida vår: www.storehaugenopp.com
84 aktive og 231 mosjonistar deltok løpsdagen, i tillegg dei som var med på testløpet fredagen før vart dette 320 deltakarar noko me er svært godt nøgde med. Lærdal Turlag og Lærdal Røde Kors hjelpekorps og frivillige i bygda stillt opp på dugnad for at arrangementet skulle bli so vellykka.
Me satsar på å gjenta løpet neste år og håpar på like bra vær og endå meir oppmøte då. Vel møtt i 2010!

Bjørghild Holien, friidrettsgruppa Lærdal Il.

Heimeside med resultat

Les meir om løpet på:
porten.no
Sogn Avis
NRK