laurdag 27. juni
John Mnangat Sompol sette laurdag ny rekord på Storehesten Opp, med den knallsterke vinnartida 1.04.24. Den gamle rekorden tilhøyrde Jon Tvedt, og var på 1.06.08.

Sjå reportasje på NRK-sporten

Hoff beste nordmann

Det vart i tillegg kenyansk på alle dei seks første plassane. Først på sjuandeplass kom første nordmann; Sindre Hoff frå Viksdalen.

- Eg er kjempenøgd i dag. Sette ny personleg rekord med eitt minutt, seier Hoff.

Helgheim beste kvinne

Merete Helgheim frå Gloppen vann ikkje uventa kvinneklassen. Ho noterte seg for tida 1.28,53.

Heile 1404 deltakarar stilte til start på årets Storehesten Opp.

Dette er henta frå avisa FIRDA

Sjå også: NRK m/ bilete

HEIMESIDE: Storehesten opp m/resultatliste