Pressemelding: Sport 1 Brakvatnet halvmaraton – grusstiar og vakker natur

Laurdag 15. oktober er det på ny klart for eit av dei mest spesielle halvmaratonløpa i landet, nemleg Sport 1 Brakvatnet halvmaraton på Osterøy. Løypa går på grusstiar åtte rundar rundt eit idyllisk vatn, og er ei kraftprøve uansett om du går eller spring. For dei som synest halvmaraton er litt langt, blir det 10 km i same løypa fredag og stafett laurdag.


DSCN9913-løpere.jpg  

Få halvmaratonløyper kan matcha naturopplevinga det er å springa Brakvatnet halvmaraton. Det meste av løypa går på fine grusstiar. Store deler av løypa ser ein vatn og grøne bakkar. Det er ikkje noko lett løype. På kvar runde må du gjennom fleire tøffe motbakkar som tappar deg for energi. Men likevel kjem folk igjen år etter år for å utfordra seg sjølve.
  
- Alle som fullfører Brakvatnet halvmaraton er vinnarar – uansett tempo, slår arrangørane i Osterøy IL fast. 

10 km (fire rundar) er lagt til fredag klokka 17.30. I fjor vann Per Harald Havnen Johansen (37.32) og Vigdis Reigstad (42.59) denne distansen. 


DSCN9974-løpere2.jpg

Halvmaraton ”eliteklasse” startar laurdag klokka 13. Løyperekordane har Bjarte Vik (1.18.31) og Hilde Aasheim (1.24.29). Eqtiming sørger for at du får nøyaktig tid på kvar runde. I timane førstartskotet smell, kan gåande utan tidtaking starta når dei vil mellom klokka 08 og klokka 11.

Klokka 11 startar mosjonsklassen (med tidtaking) og stafetten – årets nyvinning. I stafetten er det fritt fram for to til åtte deltakarar. Desse kan fordela dei 21,1 kilometrane akkurat som dei vil. Stafettpinnen skal åtte rundar rundt vatnet. Det er det som tel. Fleire av bedriftene på Osterøy har meldt  på lag. Barneløpet klokka 12 er 2.9 kilometer. Her kan dei mellom 6 og 14 år vera med. 


DSCN9892-kiosk.jpg

Arrangementet rundar 10 år i år. Som alltid blir det god servering ved mål med banan, cola, vatn og så mykje sjokolade som du maktar å pressa i deg. 

Brakvatnet halvmaraton er eit løp med ei heilt spesiell atmosfære. Startordninga gjer at dei som spring tek igjen løparar og gåande, med dei positive effektane det har for motivasjonen.  Dei gåande er også flinke til å heia fram vener og kjente. 

Sport 1 Brakvatnet halvmaraton er feelgood-løpet framfor noko anna her i landet. Mykje publikum samlar seg rundt væskestasjonen ved mål, og her er stemninga høg.

Les meir på nettsida til Osterøy IL

Alle foto Vidar Simmenes / arrangøren. 

Kondisreportasjer Brakvatnet halvmaraton
2015 : Idyllisk halvmaraton rundt Brakvatn på Osterøy