Kan 100 elevar løpa inn éin million til eit misjonsprosjekt?
Eit misjonsløp er slik Lundenesrussen definerer det, misjon i praksis. Løpet med sponsorpengar til eit misjonsprosjekt er ein viktig del av innsamlingsmetodane til desse flotte ungdommane. 

Frå prosjektsjefen David Hovda, fekk me spørsmål om denne tilføyinga:

"Vil du vere med å sponse løpet?
Kontakt prosjektleiar på mail: dhovda@hotmail.com" ?

Den føyer me til med glede.


"Langt ute i "Huttiheita"?
For alle dei som ikkje har høyrt om Ølensvåg - kan "Huttiheita" vera fyrste reaksjon, men her er det mykje storindustri. 

Ølensvåg er ei lita bygd med enorm verdiskaping. Westcon skipsverft, Omega A/S, Ølen Betong A/S og Granberg Garveri er nokre av dei store verksemdene. I nabobygda, Bjoa finn ein Granberg A/S. Ølen er no slått saman med Vindafjord kommune og har no 8765 innbyggarar.


Lundeneset er ein kristen vidaregåande skule i Ølensvåg i Nord-Rogaland, 45 km aust for Haugesund. Med så aktive og så flott ungdom i sitt 50. år, ser det lyst ut for Lundeneset videregåande skule.


Jubileumslogo_web.png  
Passerast millionen?
Tysdag 3. november kl 1800 startar løpet. 

Løpet er ope for dei som vil bidra til prosjektet. 
Kr 709.000 kom inn i 2013 (sjå reportasje på.kondis.no)
Kr 970.000 kom inn i 2014


2015: Kr....? 

Flott ungdom! 
Kvar elev har på førehand samla inn ein fast sum eller kr pr runde dei klarer å gjennomføra. Dei har to klokketimar på å få så mange rundar á 810 m som mogeleg. 

Kondis løper også
Kondis sin aldrande reportar er utfordra av tre av elevane til å sponsa dei. Han får lov til sjølv å delta på løpinga.

Gaute Byberg klarte heile 31 rundar i 2013, då løypa var rundt 900 m
Tydeleg eit løpstalent. Gaute Byberg skilte seg ut sist kondis.no skreiv om løpet - med flott løpesett, og utruleg stamina. Runde etter runde i tilsynelatande same tempo - i to timar i vind og regn. Er løypa 900 m, skulle det bli ca 28 km under langt frå ideelle tilhøve, og med fleire hushjørne å passera. 

To raskaste får gratis kondismedlemsskap
Kondis lovar at den jenta og den guten med flest rundar, vil få medlemsskap i Kondis ut 2016.

Misjonsløp 3.jpg
 Oppmuntrande oppslag langs løypa                   Foto: løpar i 2013

1-image2 (1).JPGFørebuing er viktig for eit vellukka prosjekt.                                         Foto: tilskiparane/Lundenesrussen
                                                                                                                    1-image1.JPG
Løparar, rundeteljarar, tidtakarar og publikum i Misjonsløpet i 2014.    Foto: tilskiparane/Lundenesrussen

Misjonsløp.jpgSlik såg det ut i 2013. Tysdag 3. november 2015 kan det vera like hustrig. Då er det godt å la seg motivera av ei god sak.