Starten for løpet går i Olden sentrum og følgjer den raudmerka løypa opp til Skarsteinsetra 400moh. (fotoet ovanfor)

Det er fellesstart i konkurranseklassane kl. 14.00 for for både syklistar og løparar over 15år. Dei fyrste 2km går på asfalt. Der får dei beste syklistane så stort forsprang at løparane ikkje klarar å ta dei att sjølv om det blir brattare og brattare oppover på skogsbilvegen.

Sjølv deltok eg i premieløpet i 2011 og fekk ei praktfull løpsoppleving. Sjå reportasjen min her

640_StemningsbildePremieutdeling_Foto_KariTonning.jpg

Stemingsbilde frå premieutdelinga på Skarsteinsetra. Foto Kari Tonning.

640_Helge_FotoErikBrendefur.JPG

Ingen har vunne fleire maratonløp i sitt liv enn Helge Hafsås frå arrangørklubben Olden IL. (Foto Erik Brendefur). Helge har pt vunne 167 maratonløp og 15 ultraløp. I Skarsteinsetra Opp har han også løyperekorden i løpet med 22.40 som han sette i 2012. I dameklassa har Merete Helgheim rekorden med 25.57 frå 2013.

I sykkelklassa vart det i fjor sett nye rekordar både av  Erlend Eide med 18.42 og Janne Bruun Henriksen med 25.36.

640_Maal_FotoEB.jpg

Når du spring i mål på Skarsteinsetra har du praktfullt utsyn mot Skåla 1848moh og det meste av løypetraseen i La Sportiva 1848m rett opp. Skåla er den høgste toppen som du ser du rett til venstre for det venstre målflagget. Foto Erik Brendefur

For meir info om Skarsteinsetra Opp inkl påmelding sjå løpsinnbydelsen

Påmeldingsfristen er 11 sept. kl 23:59.  

Påmelding konkurranseklassar mail/sms til : Per Muri tel. 41400772. E-mail:  per.muri@enivest.net