Sommarøya Stord med dei driftige eldsjelene i Stord IL friidrett inviterte 21. mai til Stord Rett Opp. 

Heilt rett opp er det ikkje, for dei fyrste 800 m er det på relativ flat og fin stølsveg. Men derifrå og til toppen er det skikkeleg tøft. Eit poeng som understreker det, er at ved mellomtid rett før 3 km, kan ein dobla tida og få slutt-tida. Asfalt, grus, gras ca 800 m, så pukk og stein til 1.5 km, asfalt 1.5 km og grus siste to. Det er i grove trekk løypeunderlaget. 

Stord Rett Opp i godt drittver
Tittelen virker kan henda misvisande, men er adekvat nok. For ved starten var det 12 varmegradar og mest vindstille. På toppen var det sagt å vera 6 grader rett før start, men då Kondis sin utsende kom opp som sistemann, blåste det stikker og strå, regna og sannsynlegvis nede i 3-4 kalde varmegradar.

Thomas i knallform
Thomas Finshus, Stegaberg IL i Tysvær kommune ved Haugesund i knallform. Han har vore blant dei tre fremste på veldig mange løp i Sunnhordland/Nord-Rogaland i fleire år. Men så god som han er no som 28-åring har han neppe vore. I tillegg til Stord Rett Opp hadde han vore med på dei to fyrste løpa i Tour De Stord, eitt fredag og 3.2 km hardt byløp kl 10:00 tidlegare på laurdagen. Det er spesielt motbakke han har spesialisert seg på før 2016-sesongen. Han fekk verkeleg vist at treninga har vore god.

Pernilla vann foran Maryna
Pernilla Eugenie Epland, Stord IL friidrett løp nyleg Bergen City halvmaraton på 1.22.09. No fekk ho bryna seg på motbakkespesialisten Maryna Novik, IF Klypetussen, som same veke sprang halvmaraton i hovudstaden i Latvia, Riga. Ho sprang på 1.22.53. Begge sprang veldig bra, sjølv om dei også hadde to løp i Tour De Stord i beina. Pernilla løp strålande og vann med 27 sekund. Løyperekorden her har den tidlegare topp-syklisten Elin Fylkesnes med tida.....


DSCN0556.jpg
Pernilla ser me med startnr 366 og herrevinnar Thomas med startnr 368.                    Foto: Kondis

45 deltakarar og flott tilskiping
Deltakar-rekorden er 52. Stord Rett Opp 2016 samla 45. Men her er plass til mange fleir. Så Kondis kan anbefala både Tour De Stord og Stord Rett Opp til neste år.
Ikkje minst på grunn av den flotte atmosfæren eldsjelene i Stord IL friidrett skapar.

RESULTATER:

Pl   Startnr Klasse Namn F.år   Klubb Heio Mål
                     
Kvinner senior:            
1   366   KS Pernilla Eguenie Epland 1990   Stord IL-friidrett 14,32 00.29.52
2   364   KS Maryna Novik 1981   IF Klypetussen 14,54 00.30.30
3   389   KS Nina Aarbø Olsen 1985   Fitjar IL 15,46 00.32.00
                     
Kvinner junior:            
1   392   KJ Mari Hetlesæter 1999   Hjelmeland IL Ski 15,30 00.31.04
2   356   KJ Astrid Jordåen 2002   Stord IL-friidrett 24,41 00.48.57
                     
Menn senior:            
1   368   MS Thomas Finshus 1988   Stegaberg IL 12,19 00.24.43
2   371   MS Jacob Hystad 1990   Stord IL-friidrett 12,26 00.26.09
3   367   MS Geir Storetvedt Skaten 1974   Opptur Motbakkeklubb 13,30 00.26.37
4   395   MS Arnfinn Aadland 1989   Stord IL-friidrett 13,23 00.26.47
5   370   MS Anders H Magnussen 1991   Onarheim IL 14,36 00.28.46
6   381   MS Sveinung Rykkje 1969   Stord IL (Allianseidrettslag) 14,30 00.29.14
7   388   MS Magnus Ilstad Svandal 1984     14,32 00.30.03
8   391   MS John Frisli 1988   Tjøme Løpeklubb 14,40 00.30.10
9   390   MS Alexander Horneland 1986   Stord IL (Allianseidrettslag) 14,50 00.30.18
10   192   MS Morten Visnes 1974   Raft Runners 15,30 00.30.27
11   383   MS Jarle Haugland 1975   Stord IL (Allianseidrettslag) 14,35 00.30.34
12   387   MS Anders Raunholm 1982     15,53 00.32.10
13   362   MS Harald Gjøsæter 1968   Stord IL (Allianseidrettslag) 15,15 00.32.22
14   385   MS Tor Øyvin Grov 1979     15,53 00.33.03
15   386   MS Nikola Perkovic 1982   ABB Stord BIL 16,13 00.33.57
16   378   MS Ole Raunholm 1953   Stord SK 17,06 00.34.03
17   363   MS Erik Nilsen Onarheim 1995   Stord IL (Allianseidrettslag) 16,17 00.34.25
18   382   MS Henrik Ottesen 1970   Stord IL (Allianseidrettslag) 16,58 00.34.46
19   397   MS Kjetil Eriksen 1975     16,50 00.34.58
20   384   MS Bjørnar Hella 1977   TTF 17,43 00.36.17
21   189   MS Torbjørn  Tveita Reiso 1986   Etne IL  17,47 00.36.25
22   377   MS Skjalg Duesund 1948   IF Klypetussen 18,21 00.36.27
23   396   MS Rolf  Vik 1960   Fitjar IL 17,24 00.37.14
24   399   MS Ørnulf  Botnen 1971     18,20 00.37.25
25   398   MS Egil  Kvarven 1957     19,10 00.38.33
26   379   MS Stein Høyland 1958   Bømlo Kulturskule 19,14 00.39.39
27   380   MS Steinar Rosset 1962   Gartland Sportsklubb 20,06 00.40.25
28   394   MS Kjell Håvard Belsvik 1965   Stord IL (Allianseidrettslag) 20,12 00.41.20
29   400   MS Øystein Eide Eskeland 1945   Stord IL (Allianseidrettslag) 21,46 00.43.00
30   196   MS Morten Birkedal 1982   Byggmester BOB 21,30 00.44.01
31   357   MS Einar Gisle Sellevold 1951   IF Klypetussen 26,54 00.56.16
                     
Menn junor                
1   373   MJ Lars  Lunde  1997   Stord IL-friidrett 13,03 00.26.53
2   369   MJ Arne Jordåen 2000   Stord IL-friidrett 14,30 00.29.47
3   393   MJ Stian Rykkje 2000   Stord IL (Allianseidrettslag) 14,40 00.30.22
4   372   MJ Vegard Havn 1997   Stord IL-friidrett 14,45 00.30.42
5   374   MJ Ole Christer Kvellestad 2000   Stord IL-friidrett 14,50 00.31.25
6   176   MJ Simen Engevik 2002   Stord IL (Allianseidrettslag) 15,30 00.31.48
7   361   MJ Erlend Belsvik 2002   Stord IL (Allianseidrettslag) 15,53 00.33.25
8   358   MJ Max Bloch 2002   Stord IL-friidrett 17,00 00.33.44
9   360   MJ Jacob Jordåen Molvik 2003   Stord IL (Allianseidrettslag) 17,17 00.35.54
                     
*Passering Heio= 2,857 km