Maryna Novik og Endre Espedal vann det fyrste Etne Duathlon

Endre er nybakt junior-noregsmeister i triatlon
Han er berre 16 år og eit kjempetalent! Maryna er også eit stort talent, sjølv om ho er akkurat dobbelt så gamal. Under dei tre baneløpa ho har løpt i juli har mange kommentert det flotte løpesettet hennar. Endre multisportar for den unge, framstormande Haugesund Triathlonklubb. Dei tok dei tre fyrste plassane på herresida med Jarle Kvåle Kolbeinsen på 2. plass. Delt tredjeplass mellom velkjende Thor Arne Dommersnes og Georg Feed. 

Duatlondebut for Maryna Novik
Tidlegare i veka fekk ho låna ein herresykkel som ho fekk nokre mil på før ho skulle multisporta for fyrste gong. Ho løp også 10000 m på Haugesund stadion på 37.31 i førre  veke, og 3000 m sist sundag i Sunnhordlandmeisterskapen på Husnes. Likevel gjekk det brukbart på sykkeldelen. Ho tar tydelegvis ting raskt. Og så var det fjelløp. Fyrst ca 4 km opp til 620 m.o.h, - så nokre hundre meter relativt flatt før det var like langt ned til mål ved Etne Kulturhus.
 
Ikkje ukjende Janne Elin Vatnaland, Spirit Stavanger, kom på andreplass, føre Kirsten Lien frå Røldal IL som tok bronseplassen.

"Varleite-sprinten" -  mykje tøffare enn Evertsberg
Som i Vasaloppet hadde også Etne Duathlon spurtpris. Den var det naturleg å legga til toppen av motbakken på Varleite etter ca 4 km rein motbakkeløping, med heile 615 høgdemeter. Løpsstart ca 5 m.o.h. Endre og Maryna var fyrst også her, og fekk kvar sine 10 Flaxlodd. Om dei vart millionærar, veit me ikkje; men Varleite-prinsesse og Varleite-prins vart dei.

Kvinner: (I parentes tid for passering toppen med spurtpris)
1. Maryna Novik                     IF Klypetussen     2.01.31   (1.39.07)
2. Janne Elin Vatnaland             Spirit-Stavanger   2.09.16   (1.43.05)
3. Kirsten Lien,                    Røldal IL          2.13.36   (1.47.22)


Menn:
1. Endre Espedal                    Haugesund TK       1.50.36   (1.28.39)
2. Jarle K. Kolbeinsen              Haugesund TK       1.54.38   (1.31.20)
3. Thor Arne Dommersnes             Haugesund TK       1.59.22   (1.35.29)
3. Georg Feed,                      Broos Test Team    1.59.22   (1.34.08)


Se fullstendig resultatliste nedenfor

Mykje skryt til arrangøren
Frå deltakarane Kondis snakka med var det mykje skryt å høyra. Logistikken med syklane og springing, sykling, springing gjekk fint. Dei tre rundene á 1100 m før syklinga kom arangøren på etter påmeldinga var starta. Det var for å unngå å få alle syklistane samstundes på den smale, svingete, men vakre vegen langs Nordstranda ut til Skånevik.

Etne_Duathlon_koe_.jpg
Godt organisert arrangement under Etnemarknaden

Etne_Duathlon_to_menn.jpg
Far og son Aastvedt ville vera med i det aller fyrste Etne Duathlon.

Etne_Duathlon_Maryna_Novik_plass_nr53_100701.jpg
Maryna Novik føre start i lag med klubbkamerat Tor Arne Sandvik.


Resultater for Etne Duathlon 2. august 2014

Kvinner

Pl. Etternavn Fornavn Født Klubb Tid
1 Novik Maryna 81 IF Klypetussen 2.01.31
2 Vatnaland Janne Elin  91 Spirit Stavanger 2.09.16
3 Lien Kirsten  73 Røldal IL 2.13.36
4 Helgevold Heidi  62 Helgevold 2.15.53
5 Solheim Marit  61 Skånevik IL 2.34.11
6 Dyngen Anne Berit  69 CKH 2.36.59
7 Asheim Berit  66 Saksen 2.43.40
8 Mehammer Eli Sagen  66 Team Kjerringbu 3.57.44

 
Menn

Plass Etternavn Fornavn Født Klubb Tid
1 Espedal Endre 98 HTK 1.50.36
2 Kolbeinsen Jarle Kvåle 86 HTK 1.54.38
3 Dommersnes Thor Arne 65 HTK 1.59.22
4 Feed Georg 78 Broos test team 1.59.22
5 Lanton Jon Espen 74 Spirit Stavanger 2.01.03
6 Langeland Jarle 91 Team Langeland 2.01.10
7 Bua Nils Haktor 91 Spirit Stavanger 2.02.43
8 Larsen Kjetil 81 Fana IL 2.04.22
9 Opheim Mikael 82 Statoil B.I.L. 2.04.42
10 Grannes Geir 69 HTK 2.06.08
11 Solvang Glenn 76 CKH 2.06.18
12 Åsbø Lasse 88 Valkyrien IL 2.06.56
13 Finshus Thomas 88 Stegaberg IL 2.10.05
14 Mjølhus Leiv Børge 91 Åkra IL 2.10.30
15 Asheim Lasse 63 Saksen 2.10.41
16 Kjærland Jonny 66 Stord IL 2.12.31
17 Jensen Magne 73 x 2.13.06
18 Grindheim Ansgar 74 IF Klypetussen 2.14.39
19 Eileraas Terje 59 HTK 2.14.55
20 Vestbø Espen 86 Vindafjord IL 2.14.59
21 Kolnes Hallvard 79 Jostein Myge 2.15.00
22 Sandvik Tor Arne 75 IF Klypetussen 2.15.49
23 Vea Frank 86 Svøm for livet 2.17.06
24 Ekornrud Kristoffer 89 x 2.17.48
25 Mæhle Arne Ivar 70 HTK 2.19.01
26 Ivesdal Ove 72 Omega Areal 2.19.49
27 Brandtzaeg Øyvind 94 x 2.20.55
28 Rørtveit Bjarte 78 Skjoldar IL 2.21.07
29 Sigurdsen Erlend 84 x 2.21.49
30 Udstuen Asbjørn Tore 80 x 2.22.36
31 Hauge Einar Harald 73 Team Eindun 2.23.14
32 Selland Kjetil 65 Omega Areal 2.25.46
33 Haugsgjerd Egil 67 Sveio IL 2.26.15
34 Silde Tjerand 92 NTNUI 2.26.51
35 Greenwood Andrew 65 x 2.27.24
36 Breivik Nils Mathias 72 Sauda CK 2.28.09
37 Bjelland Joakim 83 x 2.28.29
38 Haugsgjerd Torgeir 93 Sveio IL 2.29.06
39 Duesund Skjalg 48 IF Klypetussen 2.29.19
40 King Jan Åge 78 Sauda CK 2.30.28
41 Aas Sigmund 74 Aga 2.31.12
42 Sandvik Jon 79 x 2.31.45
43 Bårdsen Terje Arvid 66 Torvastad IL 2.36.11
44 Silde Kristian 01 Etne IL 2.39.25
45 Mehammer Frode 64 Team Kjerringbu 2.39.46
46 Oen Levy 68 x 2.40.46
47 Oen Heine 70 x 2.40.46
48 Myge Torgeir 76 Jostein Myge 2.41.03
49 Silde Johannes 71 Etne IL 2.41.06
50 Aastveit Vidar 60 IF Klypetussen 2.42.58
51 Lindflaten Stian 73 Stridskleb  2.44.05
52 Bungum Jan Silde 65 x 2.44.59
53 Torvestad Odd Inge 63 HTK 2.46.02
54 Gunnarsson Birkir Gunnar 80 Personalhuset 2.46.12
55 Måge Harald 54 IF Klypetussen 2.47.55
56 Matre Heine 70 Sykkeltjukken CK 2.50.51
57 Aastvedt Eivind 88 Etne IL 3.00.48
58 Ekornrud Geir 73 Etne IL 3.04.49
59 Kallestadbakken Erik 70 Stord IL 3.05.33
60 Sagen Arve Martin 68 Team kjerringbu 3.57.44
61 Nilsen Johnny 86 x 3.59.40