Husnes er kommunesenteret i Kvinnherad kommune. Søral er berebjelken, og er stor innan aluminium. Kvinnherad ligg i Sunnhordland og er ein bra stor kommune med vakker natur. Ordføraren heiter noko så bjørnsonsk som Synnøve Solbakken.

No har kommunen og I.L. Trio spandert på seg eit fantastisk flott sentralidrettsanlegg. Det vil koma mange bilete i reportasjar til helga.

Sunnhordalandsmeisterskap i friidrett på Husnes 26. og 27. juli. Kl. 13.00.

Øvingar Laurdag:
Kvinner: 100m, 800m, lengde, diskos, spyd.
Menn: 100m, 400m, 1500m, lengde, stav, diskos, spyd

Øvingar Søndag:
Kvinner: 200 m, 3000 m, høgde, tresteg, kule, slegge. 2000 m hinder.
Menn: 110 m hekk, 200 m, 800 m, 3000 m, høgde, tresteg, slegge, kule, 1000 m stafett. 3000 m hinder
Junior menn: 2000 m hinder

Husnes_Idrettspark_loepere.jpg
Velkommen til flott, nytt friidrettsanlegg i Husnes Idrettspark