Inspirerande trening med flinke og kjekke joggeleiarar
Det "verste" med det heile er at det er gratis.... Treninga er lagt ut på tilskiparane i Haugesund IL si heimeside under tittelen Djupadalten. Kurset er tenkt som eigatrrening måndag og fredag, og felles intervalltrening kvar onsdag. Kl 18.00 møter ein då ferdigskifta ved inngangen til den flotte friidrettshallen Deep Ocean Arena der Haugesund IL har og har sine kontor. 

Alle joggeleiarane har kursa seg, og har god humor og menneskekunnnskap. Ein er delt inn i tre nivå med joggeleiar foran og bak sitt felt under oppvarming og nedjogging. Det som skjer på fellestreninga svarer ikkje akkurat .til nemninga "jogge". Men intervalltreninga er lagt opp slik at du gjennomfører på ditt nivå. Og det er stadig vekk informasjon om kor mange som er fullført og kor mange drag som er att. Og joggeleiarane er flinke med oppmuntring.

Karl Johan Rasmussen er ein flink og inspirerande leiar
Han har mange norske meisterskap på bane og på maraton. Kven hugser ikkje Karl Johan då han i om lag 32 km låg i tet saman med finnen som vart europameister det året.  Det er inspirerande at ein slik meritert løpar bryr seg om joggarar av ulik kaliber. Og alle ser ut til å vera like viktige.

Målet er Djupadalten laurdag 24. oktober
Dei siste åra har Djupadalten igjen byrja å veksa, etter fleire år i nedgang. Om lag 1500 deltakarar i 2014. Av dei var det kanskje så mange som 300 frå Norges største triatlonklubb, Haugesund Triathlonklubb.

Kortvarianten av Djupadalten, som var på 6.8 km, vart i f jor gjort om til Skeisdalten på 3.7 km rundt Skeisvatnet i Haraldsvang, der alt går føre seg. 6,8 km-løypa var nok litt for lik hovudløpet på 9.3 km, så den fikk aldri mange deltakarar. På sikt vil det sikkert visa seg at å eit helt nytt og kortare løp, Skeisdalten, var eit lurt trekk. Time will show.

Og så er det óg eit stort felt i barneløpet, Minidalten.

Supertrening?
Er ikkje det å ta litt hardt i? 
Det spørs kva ein målar utifrå. Eit mål er at gruppa veks og veks. Onsdag 30.9. var det heile 45 deltakarar. Det kjem av eit godt miljø, der alle kan føla at det går framover mot eit felles mål - koma i form til Djupadalten. Og intervalltreninga er spennande med oppvarming og intervall, nedjogging, styrke og spenst. Ulike øvingar og intervallar kvar gong.
 
Og så ligg heile vekeprogrammet for kvar veke klart på HIL si heimeside under "Djupadalten". Harde intervallar har den supre effekt på dei fleste at ein roleg langtur virkar mykje lettare. 

Framleis er det ledige plassar - berre til å møta opp.

IMG_3375.JPG
Mange vil koma i form til Djupadalten og andre tilskipingar. Mange er alt i så god form at dei vil ha glede av å gjennomføra Karmøy Maraton tre veker etter Djupadalten.

IMG_3371.JPG
Haugesund IL har fått seg ein fin samlingsplass med kontorar og hall med 200 m innandørsbane i Deep Ocean Arena i Haraldsvang. Og 379.5 m unna er ein flott ny stadion, der det var Hovud-NM i 2015.

20151003_082306.jpg
Det hjelper ikkje å ha eit godt produkt om ingen får greie på det. PR er uhyre viktig. Plakatar der folk plar lesa oppslag er god marknadsføring i tillegg til tradisjonelle media og sosiale media og munn til munn-metoden, eller jungel-telegrafen om du vil.