Korleis kan me få inn pengar til klassetur til utlandet? Omlag slik tenkte avgangsklassen ved Skånevik barne - og ungdomskule.

Sponsorløp til inntekt for klassetur
Jo, eit sponsorløp! Som sagt så gjort. I lag med klassestyrar og foreldre vart planlegginga sett i gong. Mange sponsorar støtta opp om dette spreke tiltaket. Etter vekevis med regn i Sunnhordland trefte elevane fyrste dag på lenge med opphaldsver.
4 gutar og 6 jenter er heile 10. klasse. Samtlege stilte opp og samtlege fullførte 60 minutt rundt og rundt på Skånevik stadion.

183 rundar totalt - ingen ga seg
18.3 rundar i snitt på den regntunge bana. Slett ikkje verst. Men så kjem dei frå heimbygda til Steinar - og Chris André Jespersen - sistenemnde til og med juniorverdsmeister på ski.Kondis var til stades og fekk med seg at nokre sleit med gnagsår, andre med sting og atter andre med magesmerter, men ingen stoppa opp anna enn for kort drikkepause.

Foreldre, familie og vener stilte opp
Kondis hadde ei kjekk oppleving i ein veldig flott atmosfære. Foreldre stilte opp og var seriøse rundeteljarar og stoppeklokke vart brukt , slik at 60 minutt vart fylgd til punkt og prikke. Vaflar og kaffi i rikeleg monn. Vaflane vart steikt på bana - brennferske.


  Spreke avgangselevar i Skånevik                                                                                                        Foto: Gisle Sellevold


  Eit sponsorløp treng viljuge støttespelarar. I tillegg til verksemdene på plakaten, støtta mange private opp.



 Skånevik IL har ein sterk posisjon i bygda. Idrettshallen ved stadion vart sett opp på dugnad, og var gjeldfri ved innviinga. 


Alle stilte opp! Rundt 60 tilskodarar. Her representert ved alltid positive Magne Berge.


Alle stilte opp! Vaffelsteikarar og vaffeletarar.


  Tidtaking og rundeteljing vart teke seriøst.