i La Sportiva Skåla Opp lørdag
Tøff konkurranse om kr 236.000
PRESSEMELDING: Mot ny deltakarrekord også i år! Det blir topp internasjonal konkurranse som kan gje nye løyperekordar og dermed rekordpremiar.
Mot ny deltakarrekord også i år ! Deltakarrekorden 1520 frå i fjor blir nok berre ståande i eit år . Det kan bli minst 1700 i år som gjennomfører den 8,2 km lange løypa med 1814 høgdemeter mellom start og mål. Sjå www.skaala.no .Allereie 4. juni var løpet fullteikna med 700 i konkurranseklassane og i skrivande stund er det påmeldt 550 i trim utan tidtaking. Det er venta at talet på trimmarar blir dobla til 1000 på løpsdagen. Det er etterpåmelding i trimklassane på internett fram til fredag kveld kl. 21.00 og løpsdagen er det etteråmelding ved starten på Tjugen frå kl. 07.00 – 09.00.
Skåla 1848m rett opp har sidan starten kvart år vore det største av motbakkefjelløpa i Noreg som har mål på ein fjelltopp. Løpet er vorte sjølve symbolet og fyrtårnet for den nye nasjonale motbakkeløp-bølgja med den flottaste PR for fjord- og fjellandskapet på Vestlandet. Då løpet vart starta i 2002 var det 6 motbakkeløp i Noreg. I år blir det arrangert 130 motbakkeløp med om lag 35.000 deltakarar
Internasjonalt arrangement med topp deltaking. Desse internasjonale toppløparane er påmelde: John Sompol, Kenya ( fjorårsvinnar ), Jonathan Wyatt, New Zealand ( 6 gonger Verdsmeistar i Fjelløping og vinnar av Skåla Opp 2008), David Schneider , Sveits, ( Nr 3 i Skåla Opp i fjor og årets vinnar av Buff Fanaråken Opp ) ; Alex Baldaccini, Italia, Claudio Angaran ( Italia / Team La Sportiva ), Gianfranco Baldaccini, Italia. Dei tre fyrstnemde er favorittar til å vinne løpet. Dei norske løparane som kan gje dei tøffast konkurranse er nok Øystein Sylta og Sindre Buraas ( Juniorverdsmeistar i motbakkeløp 2008 ). Andre norske toppnamn er, Odd-Bjørn Hjelmeset, Hans Martin Gjedrem ( NM vinnar i motbakkeløp 2009), Morten Eilifsen, Tarjei Bø og Kristen Skjeldal..
I dameklassa er fjorårsvinnar Antonella Confortola , Italia påmeldt. I år får ho tøff konkurranse av løyperekordhaldar Anita Håkenstad Evertsen som er tilbake etter to år med skader. Anita er både verds- og europameistar i motbakkeløp frå 2007. Andre norske toppnamn som også vil kjempe om ein pallplass er Karoline Bjerkeli Grøvdal, May Britt Buer, Kjersti Danielsen ,Tuva Toftdal og Heidi Weng.
John Sombol, Kenya, vann i fjor under svært vinterlege forhold og slo verdsmeistar Jonathan Wyatt, New Zealand. Vil rollane bli bytta om i år ?..og kanskje vil David Schneider , Sveits overraske dei alle ? Han viste sterk form med suveren siger i Buff Fanaråken Opp den 7. august.
Løyperekordhaldar Anita Håkenstad Evertsen då ho i 2008 sette gjeldande løyperekord på 1.20.06.
I år er ho med i kampen om ein pengepremiepott på totalt Kr. 236.000 ! Det skal utbetalast kr. 126.000 i premiar til dei 7 beste damer og herrar og kr. 55.000 til den som set ny løyperekord ! I tillegg kjem anna premiering av dei beste i kvar klasse og samanlagtpremien La Sportiva Dobbel Opptur der Fanaråken Opp 7. august var det fyrste løpet.
I år trur svært mange at det blir utbetaling av løyperekordpremien både pga den gode deltakinga og at stien opp til Skåla er raskare enn før pga Skålastiprosjektet i regi av Statens Naturoppsyn som har gjennomført omfattane utbetringar av stien opp til Skålatårnet.Etter 2002 er talet på dei som kvart år går turen opp til Skålatårnet vorte mangedobla til om lag 10 000.
Sjå separat reportasje 11. august frå Skålastiprosjektet på www.kondis.no/motbakke
Jonathan Wyatt då han vann Skåla Opp i 2008 ( foto Christian Prestegård) . Wyatt er ein av dei som deltek på:
La Sportiva Skåla Opp Kick Off fredag 13. august kl 18.48 i Loensalen på Hotel Alexandra.Etter fjorårets store interesse og oppslutning blir det også i år "Kick-Off" med Tema: Trening i motbakkar
Konferansier: Christian Prestegård
Gjestar: Frank Evertsen, David Schneider,( Sveits) Odd-Bjørn Hjelmeset, Jonathan Wyatt ( New Zealand) m.fl
For meir info sjå Praktisk Info på www.skaala.no .
Søndag 15. august kl 12.00 blir det også arrangert motbakkeløpet Kongleriket Mini Skåla Opp for barn frå 5 til 12 år. Start på Tjugen. Gratis deltaking.
Barna går til Tjugen sæter. Det er ikkje om å gjere å kome først, men å kome nærast mogleg ei idealtid. Grilling i startområdet på Tjugen i etterkant