Ingressbiletet: Den nye kongen av kongevegløpet Galdane Rundt,Torbjørn Thorsen Ludvigsen, i den siste utforbakken før mål. Foto Jan Christian Jerving. I bildereportasjen nedanfor er det Jerving som har teke alle foto som ikkje er påført fotograf.
 

I fjor deltok 80 i premiereløpet. I år vart deltakartalet 178 med 58 i konkurranseklassa. Det vil ikkje overraske om det blir bortimot dobling av deltakartalet også til neste år. Dette arrangementet har eit stort potensiale i ei av dei aller flottaste terrengløpene som eg har sprunge.

Også løyperekordane frå i fjor vart i år løfta til nye høgder då den dobbelte Noregsmeistaren i motbakkeløp Thorbjørn Th. Ludvigsen sprang i mål på 32.24 og slo vinnartida til Sondre T.Lillebostad frå i fjor med nesten 8 min. I dameklassa forbetra også Åslaug Golf Kaardal sin eigen løyperekord frå i fjor på 42.25 til 40.42 i år. Sjå foto av Åslaug nedanfor

640_ÅslaugGolfKaardal.FotoJCJ.jpg

3 raskaste kvinner:

1. Åslaug Golf Kaardal, Lærdal IL,  40.42

2. Guro Jordheim, Hemsedal IL, 43.09

3. Anna Tråve, Lærdal IL, 43.10

3 raskaste menn:

1. Thorbjørn Thorsen Ludvigsen , BFG‐Fana, 32.34

2. Per Ove Walaker, IL Fanaråk, 36.09

3. Øyvind Tallhaug Gulbrandsen , Østre Slidre IL, 37.00

Resultater kvinner klassevis.     Resultater menn klassevis

640_Starten1.FotoJCJ.jpgFrå starten med 58 deltakarar i konkurranseklassa.

640pk_Klassevinnarar_FotoBjarneLudvigsen.jpg14 klassevinnarar som alle fekk eit flott krus i premie. Fleire av oss brukte kruset til ei flott feiring av eit praktfullt løp med historisk sus 221 år attende i tida...Foto Bjarne Ludvigsen

640_Team Melkesyre.jpgNår Team Melkesyre frå Bergen er med blir det ekstra GØY! Makan til positiv stemningsskapar i løpsmiljøet skal du leite lenge etter. Litt regnvær la ikkje akkurat nokon dempar på stemninga for dei som kjem frå Bergen ! Foto v/ Team Melkesyre

640_ShowmannenBjarneL. FotoJCJ.jpgPrimus motor for Team Melkesyre, Bjarne Ludvigsen, er ein "showmann" og fekk tak i ei bjelle omlag 500 m før mål som han spurta i mål med på tida 39.18.

640_PerOve.Flyg. FotoEGK.jpgDet var fleire som sveva gjennom den flotte løypa. Ikkje minst min klubbkamerat Per Ove Walaker frå IL Fanaråk som har hatt ein flott sesong med mange klassesigrar. Det vart ein ny siger i M40 med tida 36.09. Med det vart han også nr 2 totalt. Foto Elisabeth Grøtte Kolstad

640_Guro_Nr2.FotoJCJ.jpgGuro Jordheim, Hemsedal IL vart nr. 2 i dameklassa etter å ha slege superveteranen Anna Tråve Lærdal IL med 1 sek. i spurten.

640_AnnaTråve.FotoJCJ.jpgAnna Tråve, Lærdal IL, som neste år fyller 60, har i fleire ti-år vore verdstoppen for veteraner når det gjeld lange løp. Dei siste åra har ho satsa mest på motbakkeløp der ho også har mange topp-plasseringar i EM og VM for veteraner. I Galdane Rundt-løypa var Anna bokstaveleg tala på heimebane. Ho bur berre nokre få km i frå løypa og har brukt den til trening i mange tiår. I årets Galdane Rundt vart ho nr. 3 totalt i dameklassa.

640_505.Nr3.FotoEGK.jpgI den andre enden av aldersklassane imponerte 13-åringen Øyvind Tallhaug Gulbrandsen, Øystre Slidre IL, med å bli nr. 3 totalt på tida 37.00. Foto Eliasbeth Grøtte Kolstad

640_Sondre Teigen Lillebostad_Torbjørnheiar.FotoJCJ.jpgI fjor vann Sondre T. Lillebostad frå Sogn og Fjordane Politidistrikt, løpet på vel 40 min. I år forbedra han tida si med omlag 3 min til 37.27 og vart nr. 4 totalt. Merk han som står med raud jakke og raud bjelle til høgre. Det er løpets suverene vinnar Thorbjørn Th.  Ludvigsen som etter målpassering sprang attende i løypa for å heie på løparane....

640_RoyFortunOlsen.FotoEGK.jpgRoy Forthun Olsen (M35) sprang på 37.54. Bak kjem Jan Øyvind Bolstad, IL Fanaråk som vart nr. 2 i M40 på 37.55. Foto Elisabeth Grøtte Kolstad

640_AndersIngeHundere.FotoJCJ.jpgAnders Inge Hundere frå arrangørklubben Lærdal IL vann kl. M60 på 44.41.

640_HerbjørnB.FotoJCJ.jpgHerbjørn Brennhovd, Gol IL, vann klasse M65 på 41.55

640_Frå Galdanesida.Foto EGK.jpgDen gamle kongevegen svingar seg idyllisk opp og ned gjennom storslagen natur. Foto Elisabeth Grøtte Kolstad

640_Torbjørn.Galdane_FotoJCJ.jpgGaldane Rundt er som løpsnamnet seier ei rundløype. Her er Thorbjørn omlag 100 m unna fotografen Jan Christian Jerving på den andre sida av Lærdalselva etter omlag 3 km i den mest "tekniske" delen av løypa på den 221 år gamle kongevegen på veg mot den gamle husmannsplassen Galdane. Thorbjørn er ikkje berre ein av dei aller beste motbakkeløparane i Noreg, Han er også ein allsidig topp internasjonal fjelløpar som deltek i verdsserien i Skyrunning og andre store løp i kategorien "Mountain Running Up and Down". I Galdane Rundt fekk han god trening i å springe fort både opp og ned dei tilsaman omlag 200 høgdemetrane i den 8,7km lange kuperte løypa...

 

640_løypekart.jpgMedan arrangør Bjørghild Holien gjorde klar premiebordet fekk eg låne "roperten" for m.a. å informere om at det sjølvsagt kjem bildereportasje på Kondis.no og mange foto frå løpet på facebooksida Galdane Rundt.

640_ChrPrestegård_PRforKondis.jpg

 

640_Bjørn ArildGrindhaug_Jubel.FotoJCJ.jpgBjørn Arild Grindhaug, med den flotte T-skjorta Lustrafjord, får gleda av å avrunde denne reportasjen. Bildet er ein flott illlustrasjon på stemninga i og for arrangementet. Bjørn Arild sprang på 42.39 i M40.