tds-640.jpg

Stord IL - Friidrett ønsker med arrangementet Tour de Stord å sjå kven som er den sterkaste løparen når det er prolog, jaktstart og motbakkeløp over 3 løpsdagar. Det er senior og junior klasser for menn og kvinner og dei som får den beste samanlagt tida for desse tre løpa er vinnarar. Veteran løparane får omrekna tidene dei oppnår i kvart løp ved hjelp av ein faktor i IAAF veterantabellen slik at dei er jamstilt med seniorklassen.

Torsdag 30. april er det prolog på 1,5 km på Heiane kor starten er ved KIWI butikken og målgang ved COOP inngangen på Heiane Storsenter. Løypa går på asfalt og er flat med mange hjørner å passere. Startintervall mellom løparane er på 30 sek..

Vinnaren av løpet får sprinttrøya.

 tds-1.jpg

Laurdag 2.mai er det jaktstart i sentrum på 3,2 km , med start på parkeringsplassen til AMFI senteret kor ein spring 2 rundar opp Kjøtteinsvegen og ned Nydalen tilbake til AMFI før ein spring ein runde i sentrum før målgang ved Bakeriet Frugård. Vinnaren av løpet på torsdag startar først og deretter startar ein med differansen som var etter torsdagens løp. Det vert ein felles start 2 min etter første løpar for alle løparar som var meir enn 2 min bak vinnaren . Første mann i mål vert vinnaren av løpet.

 tds-2.jpg

Søndag 3. mai er det klart for det 3. løpet, som er Stord rett opp, som er 5 km, og her er det felles start . Start er ved Lundssæter kraftstasjon og målgang på Kattnakken og ein spring utan sekk. Løypebeskrivelse finn ein på linken for Stord rett opp, som ligg under Stevner/Stord Rett Opp.

Første løpar til topps er vinnar av løpet. Total vinnaren av Tour de Stord vert kåra og får leiartrøya med seg heim. 

tds-3.jpg
 

Påmeldingsfrist: Onsdag 29. april

Påmelding sender ein til nils.hetleflat@sklbb.no

Gi opp namn, fødselsdato og klubb

Startkontingent: 350,- for alle 3 løpene (150,- for enkelt løp) 

Bankkonto: 3520.55.71831 

Klasser: Menn senior, kvinner senior, menn junior og kvinner junior

.Halvmaraton Stord- IMG_4346_640x427.jpg
Arrangøren håper på et langt større felt enn her på Stord Halvmaraton. (Foto: Gisle Sellevold)