Tre løp med prolog, på to dagar
Nils Hetleflåt & co i Stord IL har tromma saman mange funksjonærar, som sette ut kjeglar og band langs heile den kronglete løypa på handleområde Heiane. Ved alle vegdele var det funksjonærar. Kondis sin sakteløpande reportar vart skikkeleg oppmuntra då sjølvaste Oddmund Roalkvam tok sin tørn i eit vegkryss og heia. Lenge i eliten, no ein av dei beste i sin årsklasse. Orientering og friidrett, men fyrst og fremst ein hyggeleg person.

Mager deltaking, men flotte prestasjonar og flott atmosfære
Ikkje altfor mange deltakarar, men ei lita auke frå i fjor, er verd å ta med seg. 4.08 i den svingete løypa, det er sterkt! 

Blant damene kan det i år bli veldig spennande. Den unge nye kometen Pernilla E. Epland mot Maryna Novik, som har starta på sitt fyrste år i veteranklassen med å persa seg i Riga halvmarathon med 1.22.53. Pernilla hadde nyleg 1.22.09 i Bergen City Maraton på den same distansen.
 
Spennande, det skal vera sikkert og visst. Begge dei spreke damene sprang på sterke 4.58. Mayna som fyrsteårs veteran får fråtrekk av fire sekund. 

Resultat etter veterantabellen aukar spenninga
Kondis sin løpande reporter er vel den eldste i feltet og veterantabellen vil for hans vedkomande skjula litt av gapet opp mot dei godt trente ungdomane. Uansett skal slik resultat-vurdering gjera det mogeleg for mange fleire å vinna.

Laurdagen flyttar løpet ned til "Vikjo" det gamle senteret med havn og finare bygningsmasse. Her vert det morgonløp med ca 3.2 km sterkt kupert "mellom" som tilskiparane i Stord IL har kalla det andre løpet. 

Kjempeflott premiering!
For kvart av dei tre løpa er det kr 2000,- i fyrstepremie. Og i tillegg er det heile kr 5000,- til samanlagt-vinnarane! Alt rekna ut etter Wada-tabellen, som tek omsyn til alderen.

HEILT NILS!
1-IMG_4438.JPG
Omgrepet "Heilt Nils" er negativt lada. Men i høve Nils Hetleflåt er det berre positivt.
Det er kjekt å bli teken i mot av denne smilande leiaren og trenaren i Stord IL. Foto: Kondis/Sellevold

Her fylgjer arrangøren si vurdering av dag 1: Tour de Stord 1.løp 2016:
Tour de Stord er i gong og totalt var det 20 løparar som stite til start ved KIWI på Heiane i eit grått vêr med nokre regndråpar i lufta, og ein litt kjølig bris. Av desse 20, er det 18 som er påmeldt på alle tre løpa.

Vinnaren av det første løpet var Thomas Heggøy som representerer IL Gular. Han kom inn på tida 4,08 min. og han var to sekund føre Lars Lunde på 2. plass. Vinnartida i år er eitt sekund fortare enn kva Tom Erling Kårbø sprang på i 2015, så det vert spennande å sjå kva tider desse to løparane klarer på bane i år.

I kvinneklassen er det svært jamnt mellom Maryna Novik og Pernilla E. Epland, og det skil bare 4 sek mellom dei føre jaktstarten.

Alle foto: Magne Jordåen.
lunde.jpg
Lars Lunde

heggøy.jpg
Thomas Heggøy

arne.jpg
Arne Jordåen

astrid.jpg
Astrid Jordåen






Jacob Hystad

junior.jpg
   Jacob J. Molvik  

senior.jpg
Gisle Sellevoll 

Vidare i resultatlista så ser ein at det er ein jamn kamp føre jaktstarten som vil foregå i morgon føremiddag i Leirvik sentrum. Her vert ikkje Thomas Heggøy med, så det er Lars Lunde som skal springa ut først føre Jacob Hystad og Geir S. Skaten, høvevis 7 og 9 sekund bak Lars. Resten av løparane følgjer som ei perle på ei snor.

Resultat dag 1: Prolog
St.nr  Total tid   Etternamn  Fornamn  F.år     Klokketid:
375    00:04:08    Heggøy     Thomas   1994     4:08    00:04:08
373    00:04:10    Lunde      Lars     1997     4:10    00:04:10
371    00:04:17    Hystad     Jacob    1990     4:17    00:04:17
367    00:04:19    Skaten     Geir St  1974     4:32    00:04:19
368    00:04:29    Finshus    Thomas   1988     4:29    00:04:29
369    00:04:38    Jordåen    Arne     2000     4:38    00:04:38
362    00:04:40    Gjøsæter   Harald   1968     5:07    00:04:40
374    00:04:42    Kvellestad Ole Chr. 2000     4:42    00:04:42
370    00:04:43    Hundeide M.Anders   1991     4:43    00:04:43
372    00:04:52    Havn       Vegard   1997     4:52    00:04:52
364    00:04:54    Novik      Maryna   1981     4:58    00:04:54
366    00:04:58    Epland     Pernilla 1990     4:58    00:04:58
363    00:04:59    Onarheim   Erik N.  1995     4:59    00:04:59
361    00:05:31    Belsvik    Erlend   2002     5:31    00:05:31
360    00:05:44    Molvik     Jacob J. 2003     5:44    00:05:44
358    00:05:50    Bloch      Max      2002     5:50    00:05:50
357    00:05:56    Sellevold  Einar G. 1951     7:53    00:05:56
356    00:06:53    Jordåen    Astrid   2002     6:53    00:06:53
359    00:07:39    Enerstvedt Anne M.  1996     7:39    00:07:39
365    00:00:00    Syrstad    Thomas   1996     dnf      dnf