11 km langs kupert asfaltvei på gamle E - 76 som ble ferdigstilt 9. april 1942. Langt oppe i fjellsida, men og nesten i strandkanten.

Veldig sterke løyperekordar
Laban Siro frå Kenya har sprunge på fantastiske 33.35 på dei 11 tøffe kilometrane. Løypa er kontrollmålt og sertifisert av Kondis/NFIF.
Maryna Novik har sprunge på knallgode 40.33 og har rekorden for damer etter det 13. løpet. Så årets løp er det 14. i rekkja.

Laban med pengesetlar.jpg
Laban Siro hadde ein sesong med utgangspunkt i Etne der han "håva inn" premiepengar.

1-IMG_0953.JPG
To som har vore med å dominera Langs Åkrafjorden: Thomas Finshus og Maryna Novik som har løyperekorden for kvinner

1-Gunvald i Langs Åkrafjorden.jpg
Gunvald Gundersen leiar an i eit av dei mange felta på slutten av den lange motbakken.


Sykkel, rulleski, turgåing og konkurranseløp
Logoen fortel om tre øvingar i eitt. Dei som vil sykla ein trimtur, og turgåarane  også i god trid før løpet; (sjå plakat)..Løpsdelen som er konkurranse startar kl 13:00

Pengepremiar og trekkjepremiar
Som vanleg i "Langs Åkrafjorden" er det pengepremiar til dei raskaste og trekkjing av mange fine premiar. 
Starten går like ved Kyrping Kro og Bensin. Fyrst 500 m nedoverbakke, så 2.4 km motbakke. Frå passering 3 km er det svakt nedover og flatt like til 8 km. Siste 3 km er lett kupert, bortsett frå siste 150 m opp mot Åkrafjordtunet og mål -  der det er bratt.

Heile løpet går på den asfalterte gamlevegen. Opp til 1100 arbeidarar arbeidde her på éin gong. Det var under andre verdskrig, og okkupasjonsmakta ville ha vegen fort ferdig. Men det var ikkje tvangsarbeid, berre vanlege arbeidstakarar.

Speakerteneste, musikkorps og grilling i målområdet.
Åkrafjordtunet har i tillegg ein flott kafé med mykje god mat.

Også klasse for rulleski
Dei to siste året har løpet også innehalde ein rulleskidel. Her er start og mål ved Åkrafjordtunet.

Kondis.jpg
Langs Åkrafjorden er sjølvsagt framleis eit "K"valitetsarrangement i Kondis.
Det betyr m.a. at løypa er kontrollmålt, klasseinndeling og kr 25,- i avslag til medlemmar i Kondis.


Rulleski_nr9_IMG_0888.jpgRulleskiløparar har dei to siste åra kunne gleda seg over eit tilbod også til dei.

Her ser du reportasjen frå fjoråret:
Seier til Gular og Stegaberg i Langs Åkrafjorden


Her er de viktigste opplysningene:

Langs_Aakrafjorden_2016-plakat.jpg