I fjor var det prøveløp. Mandag er det vårløp/påskeløp og til sommaren blir det stort løp rundt Litledalsvatnet.


"Vårløpet Vatnet Rundt" 2. påskedag kl 14:00.

Dette er ein nedstrippa versjon av "Vatnet Rundt" som går i større utgåve laurdag 16. juli. 
Start og mål ved Litledalen kraftverk. Påmelding frå kl 13:00.

Kl 14:00: start 850 m (u/12 år)      kr 20,-
Kl 14:15: start 7.5 km (o/12 år)     kr 50,-
Kl 14:15: start rullestol 1.8 km     kr 50,- 


Løyperekordpremie kr 1000,- 

Rekordar: 
Kvinner: Ann Kristin Mosbron     30.13
Menn:    Mats Hauge              25.31


Trekkjing av premiar på startnummer. 

P.S. Det er lov å gå, men alle får tid. Alfabetisk resultatliste.
Dei 6 raskaste i vaksenløpet vert rangerte.

Tilsvarande løp i fjor samla 62 deltakarar. Det var eit prøveløp med tanke på hovudløpet laurdag 16. juli i år. Løpet 2. påskedag er meint som eit ordinært løp i tillegg som er tenkt å gå kvart år.

Tilskipar er Etne Event/Etne Oppleving


Mats_Hauge_m_løyperekord.jpg
Mats Hauge, Haugesund IL raste rundt 7.5 km på 25.31 i prøveløpet 28. mars 2015.

DSCN6088.JPG
Rekordhaldar Ann Kristin Mosbron i midten.

DSCN6081.JPG
Litt av startfeltet frå prøveløpet

DSCN6059.JPG
Løypa vert kontrollmålt av Kondis til hovudløpet som går 16. juli