7543 m rundt vakre Litledalsvatnet i Etne i Sunnhordland. Ta av 7 km av frå E-134. Start og mål er ved kraftstasjonen i Litledalen for alle løp. 850 m barneløp, 1.8 km utan tidtaking, og hovudløpet 7543 m med passeringstid etter 5 km. Løypa er kontrollmålt og sertifisert av Kondis sin flinke løypemålar, Ingolf Dale. 

Påmelding
Påmelding via EQTIMING  For Kondis-medlemmer er det kr 40 i rabatt!

1.7 - 14. 7.   kr 250,-
15.7.          kr 350,-


Som dei fleste arrangørar, vil ein helst ikkje ha fullt stress på løpsdagen. Difor er det supert om flest mogeleg melder seg på i god tid. Ein skal ha kaffi, kaker, startnummer og brikker til alle.  
Men dei som betalar på løpsdagen er sjølvsagt også hjarteleg velkomne.

Løp med eigen song
https://www.facebook.com/naseviser.kulturprogram/videos/1110541658997624/

KORT VEG TIL ETNE

Frå Haugesund     60 km
Frå Stavanger    120 km
Frå Bergen       170 km
Frå Skien        310 km
Frå Kongsberg    315 km
Frå Kristiansand 370 km
Frå Oslo         400 km


Sterke felt i 2016
Herrepallen med Ørjan Grønnevig, Urige Buta og Martin Finne fortel at løpet var attraktivt for gode løparar. Urige Buta har fem år blitt kåra som Norges beste løpar. Ørjan Grønnevig har 6 NM-titlar i lange løp (5000 m, 10.000 m, halvmaraton og terrengløp).

Og for damene også tre sterke løparar på pallen: Maryna Novik (1.19.09 og løyperekord i Haugesund Halvmaraton i 2017), Elin Steinsbø Fylkesnes (også kjend som ein av dei beste temposyklistane i Norge) og etnejenta Marianne Vevatne.

Les reportasjen fra 2016:
Novik og Grønnevig med flotte løp i det fyrste "Vatnet Rundt" i Etne

Løyperordpremien på kr 2500,-
Kvinner: Maryna Novik,     IF Klypetussen           27.19
Menn:    Ørjan Grønnevig, Stavanger-Friidrett    22.40

1. premie: kr 3000,- inn på konto
2. premie: kr 1500,-
3. premie: kr 1000,-

Men også mosjonistane kan vinna flotte premiar.
Hovudtrekkjepremien er kr 5000,- 

Kjekke sponsorar:

På nytt målsegl:
Tungesvikhytten
Sport1 Etne senter
Komplett Utemiljø, Tysvær


På plakat/flyer:
Extra, Etne
A1 Grafisk Medvind næringshage, Ølensvåg

Tidlegstart 
Alle som trur dei spring under 60 minutt på 7.5 km, bør starta i hovudstarten kl 14.00. Men har ein med familiemedlemmar på ferie som vil ta det litt rolegare, så er det tidlegstart kl 13.00. Men me tek tida på samtlege i langløypa. For folk som vil vera med, få seg kunstnardiplom og vera med på trekkjinga har Etne Oppleving ein kortversjon på ca 1.8 km utan tidtaking. Dei betalar same startkontingent som då er eit lodd i trekkjinga av dei flotte premiane.

Eigen song og løypevideo
Kunstnaren Jimmy Næs har laga flott song til fyrste "Vatnet Rundt",. Videoen er godt illustrert med flotte bilete av fotokunstnaren Sonja Maria Høyland. På facebook-sida "Vatnet Rundt/Around The Lake" finn du songen og ein fin video frå heile løypa som Svein Egil Økland har laga for løpet.

Tidlegare omtale
http://www.kondis.no/admin/search.php?bounceartid=5889372


IMG_5079.JPG
41 jenter og 51 gutar sprang hovudløpet "Vatnet Rundt" fyrste gong det vart arrangert i 2016. Nokre sprang styggfort!  Foto: Sellevold/Kondis

IMG_5114.JPG
Ordførar Siri Klokkerstuen bidro til gje "Vatnet Rundt" ein god start og offisiell status då ho "opna" løpet.

Vatnet_rundt_nr_187_640.jpg
Harald Orvedal har passert 90 og jobba på kraftverket i alle år. Han stilte med oldebarnet og fullførte kortløypa i fin stil.