Mønsteret for denne treningsloggen er frå Stolzekleiven Opp - beste løpskonsept i Noreg.

Fasit for 2016 som var fyrste året, var ca 250 registrerte treningar rundt den 7543 m lange runda rundt Litledalsvatnet. Marit Kristin Øyjord (kona til sjefen for Sport 1 i Etne Senter), hadde desidert flest med 26 registrerte turar.

Systemet er enkelt og gratis:
Ein går/spring rundt Litledalsvatnet (same kva retning) og sendar SMS med namn, dato og tid til 4860 2195 (Gisle Sellevold).

Trekkjing av flaxlodd kvar månad
For å gjera det litt ekstra stas vert treningsloggen publisert på sida "Vatnet Rundt/Around the Lake" med hyppige oppdateringar. Så vert det trekt eit flaxlodd kvar månad. Dei som registrerer seg i januar er med i alle månadstrekkjingane, i februar 11 og i mars ti trekkjingar.

Nytt i 2017 flest treningar 10 faxlodd:
Flest registrerte treningar "Vatnet Rundt" får 10 Flaxlodd

F12 Berlinetta.pngein treng ikkje vera "Berlinetta" for å registrera turane sine rundt vatnet. Gå eller spring er likeverdige.