Flott løp av 17 år unge Ellinor Austrheim!
Ellinor Austrheim gjorde eit flott løp med tida 17.36 i den tøffe 4,5 km-løypa. Ho har gode gener m.a. frå sin løpefar, Arild. Ho var også på pallen i Langs Åkrafjorden for tre veker sidan. Og med Aibelsprinten og Djupadalten ikkje så langt unna, kan ein venta gode løp også der av den unge jenta. Og det var ikkje kven som helst ho hadde bak seg. Maryna Novik på andre og Hanne Steinstø på tredje. Dei to siste kjempa ein knallhard kamp i Sluseløpet 2014, der Maryna sette løyperekord, 39 hundredelar føre Hanne (Sjå lenger nede i reportasjen). Den tida klarte ikkje Ellinor å straffa. Men neste år...?

Godt løp tre veker etter fødsel
 
10. august fødte Maryna Novik sitt tredje born. No sprang ho ein tøff 4.5 km på 18.06 og fekk 2. plass. Som Ingrid Kristiansen og fleire har fortalt om, så kan ein koma fort attende om ein har vore velsigna, og fått trent nær opp til fødselen, og at fødselen har gått greit. Så alt dette må ha klaffa for Maryna, som allereie er i fin løpsform.
 
Hanne Steinstø fortalte at ho hadde hatt treningspause i fire veker, men 18.11 og tredjeplass let seg høyra. 
Halvmaraton på Karmøy for desse i november?

Thomas Finshus er gründer av Sluseløpet saman med Eivind Tore Langelandsvik. Løpet går i regi av Skjoldatraumen Bygdelag i Nord-Rogaland, om lag ein halvtimes køyretur aust for Haugesund (26 km). Thomas si tid vart 15.32. Plussar ein på ca 30 sekund, har ein tida på 5000 m på bane, meinte Thomas sjølv. 

Inspeksjon av løypa med Sigrid og Trygve Gunnar
Godt merka, mange fine hus og hagar, og Bjørkebakken - "Monsterbakken" (Thomas Alsgaard si vurdering). Kondis følgde Sigrid Bjelland Henriksen og sonen Trygve Gunnar Henriksen på løypeinspekjson før løpet.

Intervju med Trygve Gunnar Bjelland Henriksen, Haugesund
1. Kondis: Du inspiserte løypa saman med mor di og Kondis sin utsende. Kva syns du om traseen i Sluseløpet?
Svar: Eg må seie eg vart veldig imponert over traséen som hadde eit åttetalspreg. For det første var det variert underlag. Det var strekningar med asfalt, gras og grus. For ein person som helst bør unngå lange strekningar med asfaltdekke pga. ryggen, var nettopp det varierte underlaget ein stor fordel. For det andre var det motiverande korttekstar i løypa som fekk ein til å reflektere undervegs. På den måten fekk ein trimme både kropp og sjel.  For det tredje var lengda på løypa, 4,5 km, passande for meg som ikkje er ein langdistanseentusiast. I tillegg gjekk traséen forbi ein juletreplantasje som eg vart veldig fasinert av, og det var mange koselege tun.

2. Kondis: Kva syns mor di om løypa?
Svar:  Ho var veldig tilfreds, spesielt fordi ho slapp å gå i stupbratte fjellsider. I tillegg sette ho også pris på å få oppleve dei koselege tuna som traséen gjekk gjennom. Her ville ho tilbake.

3. Kondis: Ho hadde aldri vore i Skjoldastraumen?
Svar: Sjølv om ho berre bur ca. 30 min. med bil frå Skjoldastraumen, hadde ho aldri vore her før. Ho vart mektig imponert av den flotte slusebygda. 

4. Kondis: Kva syns du/de om tilskipinga? 
Svar: Eg er imponert over dugnadsånda slik den viste seg i Skjoldastraumen sist søndag. Det var eit stort arrangement som nok kravde mykje av arrangørane. Elles var det god  stemning i start- og målområdet, og den som i stor grad sørga for det, var ein entusiastisk og munter speaker. I det same området var det også kafé knytta til arrangementet. Du kor godt kaffien og kakene smakte etter at ein hadde deltatt. Det var då eg tenkte då eg sat der med kaffien og kaka: «Fordi jeg fortjener det.» Den tanken var vel eit utslag av protestantisk habitus: først yte, så nyte :-) Etter konkurranseløpet var det spanande trekking på startnummera og premieutdeling. Det vart ikkje noko premie på meg den dagen, men kva gjorde det då eg fekk oppleve møte med hyggelige folk, fin natur og god stemning. Her kjem eg att!

5. Kondis: Du sprang hovudløpet 4.5 km 90 minutt etter inspeksjonen. Korleis gjekk det? Tida vart? 
Svar: Det var ein fordel å ha gått traséen på førehand slik at ein var mentalt førebudd på kva som møtte ein. Tida mi vart 23.05. Til å vere meg er det ei tid eg kan leve med. Alt er jo relativt her i livet. 

6. Kondis: Korleis trenar du?
Svar: Det var første gong eg deltok i konkurranseløp dette året takka vere motivator Einar Gisle Sellevold. Utanom sommarsesongen trenar eg mykje på treningssenter (spinning, styrke og litt yoga). I tillegg går eg mykje til fots og syklar i det daglege (prøver å få 10 000 steg per dag).  I periodar prøver eg å ta joggeturar, men ryggen har ein tendens til å seie frå då. I vintersesongen går det i ski, både langrenn og alpint. Det neste konkurranseløpet eg trur eg kan delta i, er Djupadalten i Haugesund. Der hadde eg ei tid på ca. 47 min. i fjor. Eg får prøve å konkurrere med den tida i år. 

7. Kondis: Trur du at du/de kjem att neste år?
Svar: Å ja, til Sluseløpet kjem eg attende, jfr. dei tidlegare kommentarane mine.

8. Kondis: Er det noko du vil tilføya?
Svar: Viss eg ikkje hadde lagt om på livsstilen min for 17 år sidan, trur eg ikkje at eg hadde kunna deltatt i noko Sluseløp, eller tilsvarande andre løp.  På slutten av 1990- talet var vekta mi på veg opp og kondisen var slett ikkje bra. I tillegg hadde eg eit kolesterolnivå ute av lage (HDL: 7,5). Snuoperasjonen, som strekte seg over fleire år (minst 6 år), resulterte i ein vektreduksjon på nær 20 kg (frå 96 til 76/77 kg). og kolesterolet gjekk i rett retning. Det var radikalt sunnare kosthaldet i kombinasjon med trening som bidrog til dette. I startfasen på snuoperasjonen var det enkelte som syntest eg levde vel strengt slik at dei kalte meg for "Helsetaliban", så det gjekk ikkje heilt upåakta hen :-)

Kondis takkar Trygve Gunnar Bjelland Henriksen for flotte og instruktive svar.
 Trygve G. B. Henriksen er lærar på Breidablik vaksenopplæringssenter i Haugesund. 

1-IMG_3161.JPGThomas Finshus får vera med på starten av løypeinspeksjonen

1-IMG_3137.JPG
Opp mot den fine kyrkja.

1-IMG_3138.JPGGod merking til venstre og over på ein km nesten flat grusveg.

1-IMG_3140.JPGForbi nydelege parti heile vegen.

1-IMG_3142.JPGAlle juletrea var merka. Ikkje rart det kostar litt.

1-IMG_3147.JPGSigrid Bjelland Henriksen og sonen Trygve Gunnar inspiserer løypa.

1-IMG_3166.JPGJa, ja... alt etter som du ser det. Byrjinga på Monsterbakken som Thomas Alsgaard kalla Bjørkebakken.

1-IMG_3169.JPGBåt i garasje. Kondisreportaren følte seg ikkje truffe - dessverre.

1-IMG_3170.JPG
I Skjoldastraumen likar folk å ha det fint rundt seg.

1-IMG_3171.JPGNei, seier du det....

1-IMG_3175.JPGNo comments!

1-IMG_3176.JPG
Så må ein velja rett, men det var ikkje noko problem på Sluseløpet.

1-IMG_3178.JPGBerg i hagen treng ein slett ikkje sprenga vekk - slett ikkje!

1-IMG_3180.JPGSnart på toppen: Allez, allez, allez mes amis.

1-IMG_3185.JPGJa, dette kan vera symbol på den fine merkinga.

1-IMG_3186.JPG
1.5 km att til mål.

1-IMG_3187.JPG
Variert underlag: asfalt, grus og gras.

1-IMG_3208.JPGSigrid og Trygve vel i mål. men Trygve skulle springa løpet 75 minutt seinare, på 23.05

Benjamin 1.jpg
Hugser du? Start nr 1 i det aller fyrste Sluseløpet 2011.

1-IMG_3261.JPG
Her har startnr 1 i 2011 vorte fem år eldre. Han heiter Benjamin og er skulegut.

Barneløp med stor deltaking
Det vrimla av små og store born då Sluseløpet feire 5-års-jubileum. Heile .... born frå dei som var på armen til mor, eller far til 10 - 11 år.

IMG_1425[1].JPG
Labb- og Line-maskotar ser ut til å vera populært.                              Foto: Skjoldastraumen Bygdelag.

IMG_3227.JPG
Mange spente born på startstreken.

Bilde 2 arrangør.jpg
Starten av Sluseløpet 2015 har gått for barneløpet.                              Foto: Skjoldastraumen Bygdelag

IMG_3218.JPG
Ventar på startskotet....

IMG_3217.JPG
No, no smell det...

1-IMG_3127.JPG
Alle kan vera med på Sluseløpet.

1-IMG_3245.JPGDet er lov å vera ein del av fellesskapen om ein må berast litt.

1-IMG_3213.JPGGodt at mamma kan hjelpa med startnummeret. Me er klare....

1-IMG_3259.JPG
Far og son Løhaugen i mål. Seinare vart pappa Ørjan nr 12 etter eit flott løp på 19.40.

1-IMG_3262.JPGOg kor kjekt me har det!

1-IMG_3268.JPG
Komande storløparar...? Idrettsglede er i alle høve eit godt utgangspunkt.

1-IMG_3276.JPGJa, idrettsglede er viktig for oss vaksne óg. 

1-IMG_3277.JPGEin av favorittane i dameklassen: Hanne Steinstø, Haugesund IL.

1-IMG_3282.JPGSverre Aksland, Stegaberg IL. Er med på nesten alle løp og er med på å heva nivået. Er vel landets nestbeste vetaran på 5/10000m i klasse 65 - 69 år. Ein hyggeleg kar.

1-IMG_3286.JPGLøpsgeneral Thomas Finshus gjev siste info til ein glimrande speaker.

1-IMG_3290-001.JPG
Det er lenge sidan Per Rune Kolås var "Front page" på Kondis med bilete frå Fjellmaraton. Her saman med døtrene Natalie til venstre og den yngste, Sunniva til høgre. Sunniva er up and coming, og gjorde eit knallgodt Sluseløp. To av barneborna, Hallvard og Vegard får vera med på biletet.

1-IMG_3307.JPGOverraskinga i dameklassen, Ellinor Austrheim nr 1, og nr 3 meir meriterte Hanne Steinstø. Nr 2 Maryna Novik var reist heim før premieutdelinga.

1-IMG_3316.JPG
Tre raskaste i herreklassen: fotballspelar i Avaldsnes IL i 4. divisjon, Eirik Hope Langåker, vinnar Thomas Finshus, og nr 3 Øyvind Aksland.

1-IMG_3206.JPGVelviljuge sponsorar er gode å ha med på laget.

Nok eit prikkfritt løp utan lisens
Flott ver, mange deltakarar og supert arrangement. Skoldastraumen Bygdelag har ein stor og dyktig stab. Dette er ei tilskiping der folk kjem att, år etter år. I og med at det er eit grendalag som er tilskiparar, så er dei ikkje avhengige av å betala inn store pengar til Norges Friidrettsforbund. Desse pengane kan heller brukast til å styrka bygdesamfunnet i denne vesle grenda med m.a. kyrkje, skule, byggjevarefirma (Finshus og Selvaag), og eit av dei flottaste mosjonsløpa i Noreg.

Deltakartalet alle år:
(I tillegg kjem barneløp og trim)


År:        Kvinner:      Menn:        Totalt:     Trim:    Born
2015:        59           90            149       52       124
2014:        54          104            158
2013:        33           68            101
2012:        21           53             74
2011:         7           23             30


Fullt av folk arrangør_608x456.jpg
Det går an å samla mykje folk også utanføre allfarveg om ein gjer dei rette tinga og skapar god atmosfære. Foto: Skjoldastraumen Bygdelag

Startfelt arrangør.jpg
90 menn og 60 damer på startstreken i det 5. Sluseløpet.              Foto: Skjoldastraumen Bygdelag

Tre raskaste damer:
1. Ellinor Austrheim,     Vindafjord IL        17.36
2. Maryna Novik,          IF Klypetussen       18.06
3. Hanne Steinstø,        Haugesund IL         18.11


Tre raskaste menn:
1. Thomas Finshus,        Stegaberg IL         15.32
2. Eirik Hope Langåker,   Avaldsnes IL         16.14
3. Øyvind Aksland,        Stegaberg IL         16.17


Løyperekordar:
Kvinner: Maryna Novik, IF Klypetussen  16.54.69   (2. Hanne Steinstø, Haugesund IL  16.54.61)  
Menn:    Morten Velde,  Haugesund IL   14.24        (2. Stian Vestbø,     Haugesund IL  14.25)

Resultat:  Kvinner   Menn

Sluseløpets samleside på kondis.no: Reportasjer fra de første fem årene