I ei melding frå arrangementskomiteen i Førde IL Friidrett heiter det: 

"Vi må dessverre informere om at Veteran NM i friidrett 2020 i Førde blir avlyst. Avlysinga kjem nok ikkje så overraskande. Som vi alle veit påverkar COVID-19 alle arrangement i tida framover. Det er umogleg å vite korleis situasjonen med viruset er i juni, men vi må ta ekstra omsyn sidan deler av deltakarmassen er i risikogruppa.

Arrangementet var sett til 26. -28. juni 2020. Vi har sett fram til å sjå mykje god idrett i Førde desse dagane. Vi håpar at vi kan få arrangere NM på Førde stadion i 2021, eller seinare, men ingenting er klarlagt angåande dette per no. Vi beklagar dette på det sterkaste, ikkje minst fordi vi veit at mange lokale utøvarar låg i trening for å delta på dette stemnet." 


Frå før er veteran-VM som skulle gått i Toronto 20. juli - 1. august avlyst. Det same er veteran-EM utanfor bane (non stada), som skulle starta på Madeira i morgon. EM innendørs for veteranar som var terminfesta til 15.-21. mars, vart òg avlyst. Framleis er det lov å vone at VM i motbakkeløp for veteranar vil gå som planlagt i Austerrike 4.-6. september. 

NM maraton med veteranmeisterskap innlagt skal etter planen gå i Jølster 4. juli. NM halvmaraton er lagt inn i Oslo Maraton 19. september, medan NM terrengløp for både seniorar og veteranar skal arrangerast i Skien 11. oktober. Og for både veteranar og seniorar som vil til Førde for å konkurrere i NM - den 29. august er planen å arrangere NM i motbakkeløp der. NM terrengultra (med veteranmeisterskap) som skulle gått  i Molde 23. mai flyttas til 26. september. Førebels er ingen av desse arrangementa avlyste. 

Joelster_Maraton_foto_Kjell_Vigestad_724C4767.jpg
Enno er det lov å vone på at Jølster Maraton med NM for både seniorar og veteranar vil gå som planlagd 4. juli. (Foto: Kjell Vigestad)