Løpet startar på Lunde 460 meter over havet og mål er på 1227 meter. 


Utsikta frå Vidasethovden over Sognefjorden er upåklageleg. Her er det Leif Bjørn Grindedal, ein av initiativtakarane, som er først i mål i 2009.

Sjå også videoen som ligg på Youtube! 


Vinnaren i 2010 fekk med seg en unik hettegensar heim. Det var Øyvind Heiberg Sundby, oppvaksen i Kaupanger litt lenger inne i Sognefjorden som sprang røvi av dei andre i fjor og sette ny løyperekord på 34.41. Av damene var det Therese Sjursen (biletet under) frå BFG Fana som var raskast. Ho har også løyyperekorden som er på 41.44.

Løpet har både konkurranse- og trimklasse og det er ei fin løype med god plass, siste delen av løypa går i snaufjell utan sti. Altså er det plass til mange, og som eit apropos til påskrifta på ryggen til vinnarane, får ein sett meir om ein legg seg litt lenger bak i feltet.
 



Kondis.no Samleside Vidasete opp