Sportssjef Ronny Nilsen i Norges Friidrettsforbund har det øverste ansvar og det siste ordet i uttak av løparar til EM. Kven som skal delta blir kunngjort på www.friidrett.no og på www.kondis.no/motbakke torsdag 25. juni. Hovudsiktemålet med denne artikkelen er å kunngjere kva løp aktuelle løparar må vise seg fram i.
VM-Gulljentene+2008+p%E5+toppen+av+pallen.+Norge+vann+gull+i+lagkonkurransen+i+VM+i+Sveits+i+fjor+ved+%28+fr%E5+venstre+%29+Kirsten+Melkevik+Otterbu%2C+Ingunn+Weltzin+og+Anita++++++%0D%0AH%E5kenstad+Evertsen.+I+2007+vart+Anita+Europameistar+og+Kirsten+vann+bronsemedalje.+Kan+Norge+ta+medalje+ogs%E5+i+%E5r+%3F+Foto+Per+Odd+Grevsnes.
VM-Gulljentene 2008 på toppen av pallen. Norge vann gull i lagkonkurransen i VM i Sveits i fjor ved ( frå venstre ) Kirsten Melkevik Otterbu, Ingunn Weltzin og Anita Håkenstad Evertsen. I 2007 vart Anita Europameistar og Kirsten vann bronsemedalje. Kan Norge ta medalje også i år ? Foto Per Odd Grevsnes.
EM-løypene og utttakskriterier
NFIF praktiserer ikkje amerikansk uttaking og motbakkeløputvalget vil innstille løparar til sportsjefen som vil vurdere endeleg uttak ut frå mange kriterier og fleire løp .Motbakkeløputvalget i Norges Fri-idrettsforbund har i samarbeid med sportssjefen sett opp kriterier for uttak.

Det er mange faktorar å ta omsyn til ved uttak til EM og VM motbakkeløp. Motbakkeløpa er ikkje som å ta ut løparar til 10000m baneløp. 400 meter bana er lik overalt, men det er ikkje motbakkeløypene. Ingen er like, men dei har visse fellestrekk og det er klare løypekrav og reglar for løypene i EM og VM. Sjå: www.wmra.info/regulations

Variasjonen er stor. Difor er det viktig at uttaksløypene er så like EM og VM-løypene som råd. Vi ser ofte at løparar som er på topp i ulendte og bratte motbakkeløyper presterer relativt sett mykje dårlegare i raske motbakkeløyper på veg og omvendt. Viktig er det også at det er veg til topps slik at løparane slepp å springe med sekk for det er ikkje aktuelt i EM og VM i motbakkeløp. Der blir sekkane alltid transportert opp til mål.


I årets EM i motbakkeløp ( Sjå www.emrc2009telfes.org ) ser løypene slik ut:

Herrar senior: 10,5 km med 1270m stigning ( 12% Snittstigning)

Damer senior og Herrar junior : 9,4 km med 940m stigning ( 10 % snittstigning )

Damer junior: 4,2 km med 330 m stigning ( 8% snittstigning )

Løypene som går på flotte turvegar og breie lettløpte stiar har kun inntil ca 40 meter unnabakkar, men dei er varierte med stor variasjon mellom slake raske parti og lange bratte bakkar med stigning opp mot 20%,
3 uttakingsløp. NM i Geiranger, Lønahorgi Opp og Dokka Opp
Den løypa i Noreg som ( Fram til siste uttak 20. juni) er mest lik EM-løypa for herrar junior og senior og damer senior er Lønahorgi Opp 20. juni på Voss. Når vi ser på løypene i EM og VM dei siste 6-7 åra så er Lønahorgi Opp eit gjennomsnitt av desse løypene spesielt når det gjeld løpsunderlag, men også når det gjeld løypeprofil. Lønahorgi Opp-løypa er 11km lang med 1100m høgdeskilnad og 1150m samla stigning. Løypa går på breie skogsvegar /grusvegar med noko grasunderlag opp delar av alpinbakken. Lønahorgi Opp er tildelt NM i motbakkeløp 2010 og i år blir Lønahorgi Opp det siste av tre løp som aktuelle kandidatar kan vise seg fram i.

Dei to andre er Dokka Opp ved Vikersund alpinanlegg 23. mai og NM i motbakkeløp i Geiranger 13. juni

Med årets NM-status er det naturleg at Geiranger blir det viktigaste uttakingsløpet, spesielt for damer junior og senior og herrar junior som i år skal springe ei ny løype på grusvegen opp frå Djupvasshytta til Dalsnibba. Dette blir ei løype på 4,64 km med 450 m høgdeskilnad og 460 m samla stigning pga. nedoverbakke rett før mål. Denne løypa som er siste del av Geiranger Halvmaratonløypa er laga nettopp for å fungere som uttakingsløp til EM i motbakkeløp og er nesten lik den løypa damer junior skal springe i EM. Vi har aldri tidlegare hatt med damer Junior til EM eller VM.

Herrar senior og veteran spring den klassiske Geiranger Halvmaratonløypa med nesten 1476 m stigning på 20,6 km. Sjå www.frafjordtilfjell.com for meir info ! Det som kan innvendast mot denne løypa er at den er for lang, men dei som spring raskare enn gjeldande løyperekord på 1.30 vil ha lagt inn ein god søknad om tur til EM. NM i motbakkeløp er også det fyrste av 5 løp i Powerade Norgescup i motbakkeløp 2009.

Dokka Opp på Modum 23. mai er det fyrste løpet i år som samlar dei beste motbakkeløparane og som vil gje oss ein god peikepinn på kor løparane står i forhold til det nivået dei hadde ei veke før VM i fjor. Det 3 km lange løpet med 521 m høgdeskilnad startar ved Tyrifjord Hotell går opp langs Vikersund Alpinanlegg. I fjor vart løpet brukt som ei siste gjennomkøyring ei veke før VM i motbakkeløp. For Sindre Buraas vart dei ei særs vellukka gjennomkøyring. Han vart nr 3 totalt berre nokre sekundar bak Tormod Tjørnhom og Jon Tvedt på 1. og 2. pl. 8 dagar etterpå vann Sindre Buraas ein sensasjonell gullmedalje i VM i motbakkeløp for Junior. Dokka Opp-løypa gjev særs god og relevant trening i å springe dei brattaste partia i årets EM-løype for både junior og senior. EM-Løypa er variert med fleire lange bakkar med stigning ca. 20% på det brattaste.

Vi vurderte også å ta med Ulriken Opp i Bergen 31. mai , men den siste kilometeren med stigning på over 30% i ulent og steinete terreng er lite relevant i forhold til EM i motbakkeløp.
Kor mange løparar skal til EM ?
Sindre+Buraas%2C+vann+ein+sensasjonell+gullmedalje+i+VM+i+motbakkel%F8p+for+junior+i+2008.+Foto+Pete+Hartley
Sindre Buraas, vann ein sensasjonell gullmedalje i VM i motbakkeløp for junior i 2008. Foto Pete Hartley
I EM i Motbakkeløp har også lagkonkurransen svært høg status. Etter suksessen i VM i motbakkeløp 2008 for Norge med GULL i lagkonkurransen for damer og sølv i lagkonkurransen for junior er ambisjonen i år å stille med lag i alle fire klassane; Damer junior ( 3 delt) og senior ( 3 delt) og Herrar junior ( 3 delt) og senior ( 4 delt). Det betyr at Noreg kan stille med 13 løparar. I år håpar vi også for første gang å kunne stille med lag i damer junior med tre godt kvalifiserte løparar som kan hevde seg blant dei beste. Merk at juniorklassa i EM er 17-19 år ( f. 1990-1992 ). Aktuelle løparar bør kvalifisere seg ved deltaking i NM i motbakkeløp i Geiranger som er ei løype som passar særs godt som uttak for damer junior.

Ei utfording i årets EM er at løypene går mellom 1000 og 2270 moh og dette er ei vanleg problemstilling i dei fleste EM og VM i motbakkeløp. Under EM i Frankrike då Anita vart Europameistar og Kirsten vann bronsemedalje gjekk løypene mellom 1200 og 2500 moh. Sjå Kondis.no-reportasjen frå EM i motbakkeløp 2007

Anita og Kirsten hadde kun 4-5 dagars høgdeakklimatisering. I 2007 vann Tyrkaren Arslan Ahmet EM-gull. Han kom rett frå trening mellom 0-700 moh i Tyrkia og opp til start på 1300 moh to dagar før løpet, men det seier ikkje noko om kor mykje han ville ha vunne med dersom han var høgdeakklimatisert.