PRESSEMELDING

YT-stafetten i KnarvikMila 2016 mot nye høgder

Om knappe to veker brakar det laus i Knarvik! Då er det klart for det 34.KnarvikMila-arrangementet og historias tredje YT-stafett! Arrangøren melder allereie om økt deltaking og stort engasjement!

YT-stafetten vart innført i KnarvikMila i 2014. Stafetten består av 5 etappar på lengde mellom 750 meter og 1200 meter. Total løypelengde er 5 km. Løypa er den same som 5 km løpet i KnarvikMila. Stafetten vart innført som ein bedriftsstafett i 2014 og frå og med 2015 er det og opna opp for venelag.


Sjukt Sprek.jpg"Sjukt Sprekt" 

Nytt av året er at stafetten er flytta frå søndag til laurdag. Denne endringa er gjort for å få fleire bedriftslag på startstreken. Vi ser at søndag er ein dag kor ein vel å prioritere familieaktivitetar, og håpar at denne endringa fører til at ein kjem til Knarvik saman med kollegaer på laurdag, for så å koma tilbake søndag saman med familien.

Vi ser at endringa har hatt ein positivt effekt då det per nåt allereie er påmeldt fleire lag enn det totale startande i 2015. Lindås Kommune er den foreløpige leiande bedrift med hele 11 lag påmeldt. Det er tydelig at kommunen ser verdien i å setja seg fysiske mål. Kommunetilsette er observert i fint driv langs vegane i Knarvik, seier daglig leiar for KnarvikMila, Eddie Mikal Ebbesvik.


Bergen Hudlegeklinikk.jpgBergen hudlegeklinikk

YT-stafetten startar laurdag 3. september kl. 13.00. Det vil då vera mogleg å delta på 5 km (start kl. 14.00) eller 10 km (start kl. 15.00) i tillegg til YT-stafetten. Etter løpet er det samling på eige YT-område i Nordhordlandshallen kor Bedriftsidretten Hordaland viser bileter frå løpet, tar lagbileter og inviterer til quiz, samt at det vert servert frukt, YT-produkt og Olden vann. Dette er ein stafett du ikkje vil gå glipp av, seier Linda Olsen Løland i Bedriftidretten Hordaland.
 

Ta med deg vener eller kollegaer til årets YT-stafett! Du kan endå melda deg på: Klikk på bildet under
Bli med på YT-stafetten.jpg
I tillegg til premiering av dei 3 beste laga, er de med i trekninga av hovudpremiane med blant anna ein Ford Fiesta frå Kverneland!

Kart yt-stafeten.jpgLøypekart