Aldri har motbakkeløping fått meir omtale i media enn i 2007. Den store oppturen for motbakkeløping i Noreg har også fått flott omtale internasjonalt. I 2001 var det 6 motbakkeløp i Noreg. I år har det vore arrangert 55 motbakkeløp med om lag 17.000 deltakarar, og då handlar det om deltakarar med løpesko på beina og ikkje ski. Sjå Nyttårshelsinga på kondis.no her: GODT NYTT ÅR på OPPTUR !

I morgon blir Tour de Ski avlutta med eit motbakkeløp i Val di Fiemme som har fått mykje omtale som den mest avgjerande etappa, sjølv om Lukas Bauer no ser ut til å ha avgjort Touren før finalen i morgon.

Den skiløparen som i fjor var den beste motbakkeløparen av alle norske skiløparar i Skåla 1848m rett opp er ikkje med i Tour de ski. Det kunne han vore fordi han slo heile Norges-eliten i åpningsrennet på Beitostølen, og mannen er Morten Eilifsen. Morten slo alle skiløparane inkl. Odd-Bjørn Hjelmeset og Norges-eliten i motbakkeløp i fjorårets Skåla 1848m rett opp. Morten vart nr. 2 kun slegen av motbakkekongen Jon Tvedt. Etter kva vi såg av Morten på Beitostølen var han også knallsterk i motbakkane på ski. No får vi dessverre ikkje sjå han opp alpinbakken i Val Di Fiemme i morgon, men vi får sjå han i fleire av løpa i Powerade Norges-cup i motbakkeløp.

Morten er allereie påmeldt til NM i motbakkeløp I Storehesten Opp 28. juni og Skåla 1848m rett opp 16. august der han også møter Odd-Bjørn Hjelmeset.
Norges-cup-konkurranse også for U23
Oppturane blir til medan vi er på Opptur ! Etter at den fyrste meldinga om Powerade Norges-cup motbakkeløp 2008 blei sendt ut 26. nov. i fjor ( Sjå HER ! ) er det beslutta å også legge inn Norges-cup-konkurranse for U23. Dei tre beste kvinner og menn samanlagt under 23 år vil bli premiert sjølv om dei også er blant dei 4 beste totalt ! Etter det siste løpet vil det bli publisert ei separat samanlagtliste for U23. Premieringa i U23 blir kunngjort seinare.

Bakgrunnen for innføringa av U23 klasse er den store deltakinga som har vore i dei yngste konkurranseklassane i motbakkeløp. I 2007 var det stor nyrekruttering til motbakkeløping. T.d. i NM i motbakkeløp i La Sportiva Fanaråken Opp var heile 60 av 201 fullførande i konkurranseklassane under 23 år.
Powerade Norges-Cup-medaljen til alle som har gjennomført 5 av 6 løp !
Powerade Norges-Cup i Motbakkeløp vil også gjere ekstra stas på dei som framfor alt har skapt den store oppturen for motbakkeløping i Noreg: Vanlege trimmarar og mosjonistar !

I motbakkeløp er alle vinnarar som kjem til topps ! Etter det siste løpet Tryvann Opp 23. august vil det bli laga ein spesiell og eksklusiv medalje til alle, uansett klasse, som har gjennomført 5 av 6 løp. Denne medaljen vil vere inspirert av medaljen i La Sportiva Fanaråken Opp som har vore den største og flottaste medaljen som har vore utdelt i motbakkeløp i Noreg. Powerade Norges-Cup-medaljen som bør hengje høgt i alle premiehyller vil bli sendt ut som julegåve 2008 !

Samanlagtpremieringa etter det siste løpet Tryvann Opp 23. august kjem sjølvsagt i tillegg til alle medaljane og premiane i kvart løp
Kr. 400.000 i pengepremiar til dei beste !
I+morgon+skal+Kristin+St%F8rmer+Steira+g%E5+motbakkel%F8p+p%E5+ski+opp+alpinbakken+i+Val+di+Fiemmme.+Her+blir+ho+taua+til+topps+i+Sk%E5la+1848m+rett+opp+av+motbakkedronninga+Anita+H%E5kenstad+Evertsen.+I+m%E5l+var+Anita+nr.+1+og+Kristin+nr.+2+i+l%F8pet+som+ogsp%E5+var+det+fyrste+NM+i+motbakkel%F8p+i+2005.+Anita+har+vunne+Sk%E5la+1848m+rett+opp+p%E5+nye+l%F8yperekordar+3+%E5r+p%E5+rad.+Vinn+ho+p%E5+ny+l%F8yperekord+ogs%E5+i+%E5r+f%E5r+ho+med+seg+kr.+60.000+i+pengepremiar.+Foto+Anne+Jenny+Dvergsdal
I morgon skal Kristin Størmer Steira gå motbakkeløp på ski opp alpinbakken i Val di Fiemmme. Her blir ho taua til topps i Skåla 1848m rett opp av motbakkedronninga Anita Håkenstad Evertsen. I mål var Anita nr. 1 og Kristin nr. 2 i løpet som ogspå var det fyrste NM i motbakkeløp i 2005. Anita har vunne Skåla 1848m rett opp på nye løyperekordar 3 år på rad. Vinn ho på ny løyperekord også i år får ho med seg kr. 60.000 i pengepremiar. Foto Anne Jenny Dvergsdal
Dei 6 løpa har tilsaman om lag kr. 300.000 i pengepremiar til dei beste. I tillegg kjem samanlagtpremiane på kr. 90.000,- . Den som vinn alle løpa på nye løyperekordar vil få med seg om lag kr. 140.000 inkl. samanlagtpremien på kr. 20.000,-

Den største premiepotten har Adidas Skåla 1848m rett opp der 1. premien er auka til kr. 25.000 og løyperekordpremien til kr. 35.000. Den som vinn på ny løyperekord får med seg kr. 60.000 i tillegg til gåvesjekkar på utstyr frå hovudsponsor Adidas.
Eventuelle spørsmål vedr. Powerade Norges Cup i motbakkeløp 2008 kan rettast til

Christian Prestegård
Fagansvarleg og leiar i motbakkeløputvalet i Norges Fri-idrettsforbund

Tlf. 99 52 11 99
E-mail: christian@prestegaard.no

Informasjon om dei 6 løpa som er med i Norges Cupen finn du på nettsidene til løpa som er:

www.ulrikenopp.no
www.frafjordtilfjell.com
www.storehestenopp.no
www.fanaraaken.com
www.skaala.no
www.tryvannopp.no

Bli med på OPPTURANE og hald deg springande orientert på motbakkeløp-sida på kondis.no !