17. juli går starten for spektakulære 1851 OppNed Norddal. Det er femte året eldsjelene i Norddal Idrettslag arrangerer dette fjelløpet. Løpet er, som namnet tilseier, på 1851 høgdemeter. Men det er ikkje berre eit motbakkeløp, for dei 1851 metrane skal også springast ned att til bygda.

Løypa er på totalt 24,4 kilometer, og går frå Norddal sentrum, via Rellingsetra og Daurmålsfjellet, opp på toppen av Torvløysa – og same veg ned att. 

(Saken fortsetter nedenfor bildet)
1851_OppNed_2020_139.jpg
Skyrunners Series Norge: 1851 OppNed Norddal er, saman med Sans Senja Skyrace, Stranda Fjord Trail Race, Tromsø Skyrace og Kårvatn Skyrace, ein del av 2021 Skyrunners Series Norge. (Foto: Hyke studio)

– Ei moglegheit vi ikkje kunne takke nei til
Nytt av året er at 1851 OppNed Norddal, saman med Sans Senja Skyrace, Stranda Fjord Trail Race, Tromsø Skyrace og Kårvatn Skyrace, er ein del av 2021 Skyrunners Series Norge. Denne serien har fire klassar; seniorklasse for menn og kvinner, samt klassar for begge i under 20 år.  

– I fjor var ein av deltakarane, Stian Angermund Vik, som er tidlegare verdsmeister i nettopp denne typen løp. Han satt ny løyperekord og var så fornøgd med løypa og arrangementet, at han ville snakke varmt om oss i sitt kontaktnettverk. Nokre månadar seinare vart oss invitert med til oppstartsmøte for årets norske serie. Dette var veldig stort og spennande for oss. Ei moglegheit vi ikkje kunne takke nei til, fortel Ole Magnus Melchior, som er ein av primus motorane for 1851 OppNed Norddal.

Å kome med i det gode selskap av utvalde løp av denne typen gir både moglegheiter og utfordringar. 

– Det gir naturlig nok økt merksemd og marknadsføring, som igjen kan tiltrekke fleire deltakarar. Vi er i utgangspunktet eit lite arrangement i ei lita bygd. Men vi har jo ein flott plass å vise fram, og eit flott og arrangement, i ei spektakulær innpakning  som deltakarane kan bryne seg på, smilar Melchior. 

1851 OppNed Norddal vart arrangert for første gong i 2017. Framleis er det eit relativt lite arrangement, men det har vore ei positiv utvikling med tanke på deltakarar gjennom alle åra. I fjor samla arrangementet 150 deltakarar

(Saken fortsetter nedenfor bildet)
Ole Magnus Melchior.jpg
Ole Magnus Melchior er ein av primus motorane for 1851 OppNed Norddal. (Foto: Hyke studio)


Også familieklasse
Melchior presiserer at årets utgåve av 1851 OppNed Norddal ikkje berre vil være eit arrangement for dei som jagar gode tider og poeng i den norske serien. Det vil framleis vere ein dag for alle som ynskjer å bryne seg, og ikkje minst for dei som vil være med i klassane utan tidtaking. Spesielt trekk han fram familieklassen, som går frå Rellingsetra til Daurmålsfjellet, dette er ei flott oppleving for heile familien.  

Som del av den norske skyrunner-serien blir det nokon justeringar for arrangørane.

– Skyrunner-serien har sitt eige regelverk, og er underlagt det internasjonale forbundet. Nokre av krava, som helikoptertransport ut i løypa for forbundsrepresentantar, eige presseområde, garantert overnatting og deltaking for internasjonale utøvarar og liknande, såg vi på som litt utfordrande. Men vi fekk garantiar for at dette ikkje ville bli handheva så strik for den nasjonale serien, så dei krava som ligg der skal vi fint klare å møte, forklarar Melchior.  

(Saken fortsetter nedenfor bildet)
Sander Bruteig Grønningsæter og Anna Margrethe Tråve .jpg
Sander Bruteig Grønningsæter og Anna Margrethe Tråve i fjorårets utgave av 1851 OppNed Norddal. (Foto: Hyke studio)
 

200 deltakarar 
Vidare blir det spanande med tanke på koronasituasjonen. 

– Foreløpig har vi ei deltakaravgrensing på 200 pesonar. Så får vi sjå korleis dette utviklar seg. Vi har nokon års erfaring med dette arrangementet, så vi håper det elles skal gå fint reint praktisk. Så håpar vi at få nokon av storkanonane, ikkje minst dei lokale, kan kome på besøk for å utfordre løyperekorden. Det bor mellom anna ein kjent spreking i Måndalen som er kapabel. Kanskje han blir freista, smilar Ole Magnus Melchior.

Sprekingen i Måndalen, som Melchior viser til, er løpelegenda Kilian Jornet, opphaveleg frå Spania. Og rekorden for løpet som går dei 24,4 kilometrane frå Norddal, opp på Torvløysa og ned igjen, er på 2.29,31. 

Tidligere reportasjer på kondis.no fra 1851 OppNed Norddal:
2020: Løyperekorder og deltakerrekord på 1851 Opp Ned i Norddal
2019: Anniken Hjelbakk Hole med ny løyperekord på 1851 OppNed Norddal
2018: Klart for fjelløp i Norddal på Sunnmøre 8. september
 

Kondis trenger din støtte
Bli medlem eller støtt oss med en gave hvis du ønsker at Kondis skal fortsette å spre treningsglede, skrive reportasjer, lage terminlister, kontrollmåle løyper, føre statistikker osv. På grunn av koronakrisen har store deler av annonseinntektene våre falt bort, og vi er i enda større grad avhengig av medlemskap og støtte fra våre lesere.

Bli medlem og få mange medlemsfordeler!

Gi en gave:
Vårt kontonummer er: 1503.35.18541
Vipps: 125957