Ikkje mindre enn tre OL-deltakarar er venta til start - med årets VM-sølvvinnar på 50 km kappgang, Trond Nymark, i spissen. Også løyperekordhaldar Morten Velde frå Haugesund IL har meldt seg på, noko som garanterer for stor fart i den 5 km lange lettsprungne løypa.

Åra går fort og det er no ti år sidan det første Bjarte Viks Eliteløp frå Vik til Bruvik. Løpet vart arrangert første gong i samband med feiringa av langdistanseløpar Viks 30-årsdag i 1999. No er løpet blitt ein godt innarbeidd tradisjon, og det er venta over 50 deltakarar. Alt frå norgestoppen i springing og verdstoppen i kappgang, til mosjonistar og den yngre garde i løpsbygda Bruvik. Det er altså slett ikkje berre eliteløparar som deltek.



Ta utfordringa

Dei første ni åra var det einaste kravet til deltaking at ein kunne jogga eller springa 5 km utan å gå. I fjor kom det tre kappgjengarar, og opplevinga gav tydeleg meirsmak. Trond Nymark, Erling Andersen og Jan Rolstad, OL-deltakar i Munchen 1972, er venta på startstreken, godt inspirert av ostring og kappgjengar Arild Fotland.

- No håpar me at flest mogeleg tek utfordringa og prøver å slå dei kjappfota kappgjengarane, seier initiativtakar Bjarte Vik i Osterøy IL.



Sjølv tek Vik opp kampen med Morten Velde, årets NM-gullvinnar på 1500m. Velde er med rette kalla landets nye mellomdistansehåp, og sprang i år før første gong under 3.40 på favorittdistansen. Også bergensaren Kjetil Foss Angeltvedt frå Skjalg IL stiller til start.



Rask løype
Løpet går frå Vik til Bruvik, og er på nøyaktig 5046 meter. Løypa er svært rask på flate, men svingete og idylliske asfaltvegar. Arrangørane i Osterøy IL og Bruvik IL vågar påstanden at dette er mellom dei finaste asfalt-traséane i landet. Løyperekordane er det Morten Velde (14.20) og Stine Larsen (15.41) som har.

Som vanleg stiller fleire av vestlandets beste løparar til start. Alle dei beste dameløparane frå Osterøy er venta. I alle desse ti åra sidan 1999 er det blitt prestert tider heilt i landstoppen – både for kvinner og menn. Gjennomsnittleg vinnartid for menn er 14.36. Til samanlikning er NM-kravet på 5000m 14.59.99. Eliteløpet 2007 er det raskaste til no med ny løyperekord for menn og tre løparar under den magiske grensa 14.30.


Barneløp
Arrangøren håpar bygdafolk som ikkje deltek i sjølve løpet kan vera i målområdet ved Bruvik handelslag og ta imot løparane når dei kjem i mål. Dei aller yngste kan delta på det tradisjonelle barneløpet som går i rundar rundt handelslaget på Bruvik etter at dei siste 5km-løparane er vel i mål så dei kan få sjå borna springa. Vik ligg ca 6,5 km frå Osterøybrua i retning Bruvik.

Meir informasjon kan ein få på Osterøy IL si heimeside på www.osteroyil.no (friidrett).