I morgon på sjølvaste nasjonaldagen 17. mai sender NRK 1 kl. 20.30 eit program om Geiranger
Det er i dag nøyaktig ein månad til det mest tradisjonsrike av dei tøffe motbakkeløpa i Noreg. Det er 14. gongen Geiranger Idrettslag inviterer til Halvmaratonløpet med 1496 høgdemeter frå Geiranger sentrum til mål på Dalsnibba. I same traseen går sykkelrittet Nibberittet for 8. gong.

Arrangøren ved Knut Arild Maråk melder entusiastisk om at det er omlag 100% auke i talet på påmeldingar i forhold til same tid i fjor og det går mot ny deltakarrekord med over 500 deltakarar.

Gledeleg Nytt i år er at
(1) lokalradioen Radio Storfjord skal dekkje arrangementet direkte slik at folk kan følgje løpsutviklinga over radio. Radioen vil fungere som ei slags speakerteneste undervegs.
(2) Nibbevegen , dei 5 km frå Djupvasshytta til toppen blir stengd for normal trafikk.

Dermed blir det optimale løpe og sykkelforhold for deltakarane. Det er parkering ved Djupvatnet, og for tilskodarar som har lyst å sjå målgangen på toppen vil arrangøren setje opp bussar som fraktar folk frå Djupvatnet og opp på Nibba.

I morgon på sjølvaste nasjonaldagen 17. mai sender NRK 1 kl. 20.30 eit program om Geiranger - verdas vakraste fjord. Sjølv om dette programmet ikkje handlar om løpet håpar og trur arrangøren at programmet vil få endå større fart på påmeldingane på
www.frafjordtilfjell.com

Dette er etter mi vurdering ei av dei aller flottaste og mest oversiktlege nettsidene for løp i Noreg. På www.frafjordtilfjell.com finn du heile historikken til løpet, presseomtaler og tidlegare artiklar på kondis.no. Sjølv har eg hatt ein av mine mest spektakulære oppturar i dette løpet som du finn under presseomtaler. Eller du kan klikke på denne linken: Christian Prestegård på sykkel gjennom 10 meter høge brøytekantar i Nibberittet

Men i år vil eg la sykkelen stå og gjere det eg er best til:.....å springe lange slake motbakker oppover praktfulle fjellsider som dei i Geiranger Halvmaraton opp til Dalsnibba ! Det gjorde eg i fjor og det gav verkeleg meirsmak. Av ein eller annan grunn får eg dei beste resultata i forhold til konkurrentane mine i slike løp der eg slepp å klyve og gå i ulendt og bratt terreng, men kan cruise oppover fjellsida i jamn løpefart heile vegen til topps under mottoet nyt (na)turen ! BLI MED DU OGSÅ ! Her kan du sjå utsynet frå MÅL !:
Foto+Christian+Presteg%E5rd+%2811.+juni+2005%29.+Praktfullt+utsyn+og+vidsyn+fr%E5+m%E5l+p%E5+toppen+av+Dalsnibba.+1496+h%F8gdemeter+nedanfor+ser+vi++Geirangerfjorden+som+er+nr.+1+p%E5+verdsarvlista+til+UNESC0.+Sj%E5+programmet+om+Geirangerfjorden+p%E5+NRK+TV1+kl.+20.30+i+morgon+p%E5+sj%F8lvaste+nasjonaldagen+17.+mai+%21
Foto Christian Prestegård (11. juni 2005). Praktfullt utsyn og vidsyn frå mål på toppen av Dalsnibba. 1496 høgdemeter nedanfor ser vi Geirangerfjorden som er nr. 1 på verdsarvlista til UNESC0. Sjå programmet om Geirangerfjorden på NRK TV1 kl. 20.30 i morgon på sjølvaste nasjonaldagen 17. mai !
Foto%3A+Heming+Leira.+Kondis.no+++.+%0D%0A%0D%0AOg+kanskje+kjem+TV+ogs%E5+til+Geiranger+p%E5+l%F8psdagen+i+%E5r...Her+gjev+eg+%5C%22sigersintervju%5C%22+som+d%E5v%E6rande+Kondis-president+etter+m%E5lpassering+i+fjor.+P%E5+toppen+av+Dalsnibba+er+ALLE+vinnarar+og+eg+fortel+her+om+ein+av+mine+aller+st%F8rste+Running+High-+opplevingar+p%E5+ein+praktfull+dag+opp+fr%E5+Geirangerfjorden.+16.+juni+i+%E5r+er+eg+tilbake+p%E5+startstreken+med+m%E5l+om+%E5+forbedre+tida+p%E5+2.06+fr%E5+i+fjor+%21+
Foto: Heming Leira. Kondis.no . Og kanskje kjem TV også til Geiranger på løpsdagen i år...Her gjev eg \"sigersintervju\" som dåværande Kondis-president etter målpassering i fjor. På toppen av Dalsnibba er ALLE vinnarar og eg fortel her om ein av mine aller største Running High- opplevingar på ein praktfull dag opp frå Geirangerfjorden. 16. juni i år er eg tilbake på startstreken med mål om å forbedre tida på 2.06 frå i fjor !
Og+slik+ser+det+ut+f%F8r+Djupvasshytta+akkurat+no.++Den+vinterstengte+vegen+fr%E5+Geiranger+til+Strynefjellet+er+enno+ikkje+opna%2C+men+med+sykkel+kjem+ein+seg+opp+til+Djupvatnet.+P%E5+biletet+er+Ingvald+Knivsfl%E5+ute+p%E5+treningstur+p%E5+veg+mot+Djupvasshytta+og+nyter+det+bil-+og+eksosfrie+milj%F8et+f%F8r+turisttrafikken+brakar+laus+om+ikkje+mange+dagane.++Foto%3A++Arrang%F8r+v%2F+Terje+Drege+Rusten.%0D%0A
Og slik ser det ut før Djupvasshytta akkurat no. Den vinterstengte vegen frå Geiranger til Strynefjellet er enno ikkje opna, men med sykkel kjem ein seg opp til Djupvatnet. På biletet er Ingvald Knivsflå ute på treningstur på veg mot Djupvasshytta og nyter det bil- og eksosfrie miljøet før turisttrafikken brakar laus om ikkje mange dagane. Foto: Arrangør v/ Terje Drege Rusten.