Du finn fullstendig resultatliste og meir info på www.frafjordtilfjell.com .

Borghild Løvset (Orkla CK) sette ny løyperekord i Nibberittet på 1.15.16 der Hallvar Barlaup (Fannefjord SK) vann herreklassa på 1.07.18. I Nibbeløpet21 ( tidl Geiranger Halvmaraton ) vann Line Lystad (Vågå IL) dameklassa på 1.56,24 og Hans Martin Gjedrem (Valldal IL/ Team LaSportiva) vann herreklassa på 1.36,27.

Ingressbildet viser nr 1 og 2 i Nibbeløpet 21km med vinnaren Hans Martin Gjedrem til høgre og Andre Hammerø Løseth til venstre. På bildet nedanfor er Kondis' utsendte medløpande reporter med startnummer 199 som stortrivdes i Nibbeløpet 21km med nesten 1500m stigning og hadde det gøy frå start til mål !  

640_Christian_Foto_ArildGjørvad

Foto Arild Gjørvad.        Etter ein snau kilometer frå starten nede ved Geirangerfjorden ved den fyrste av utallige 180-graders svingar OPP mot mål på Dalsnibba snaue 1500 høgdemeter og 20km lenger opp.

Her har eg funne "cruise-farten" mot toppen og det blei slettest ikkje noko "blodslit" som Sunnmørsposten skreiv om dagen før løpet. Det vart ei løpsoppleving i toppklassen og den aller beste av mine 4 løp i Nibbeløpet 21km ,sjølv om det mangla 29 sek. på å ta persen frå 2006. Om ein reknar ut frå alderstillegget frå 51 åringen i 2006 til 56-åringen i 2011 så er vel 2.07.05 betre enn 2.06.36 i 2006 ?. Dessutan så klarte eg for fyrste gong å vinne klassa mi ( etter ein 2. og 3. pl) i det løpet som eg har kalla for "verdas beste og flottaste halvmaraton" . I år var det dessverre ingen som fekk nyte utsynet og vidsynet. Etter 10km såg eg ikkje meir enn omlag 50-60m framfor meg. Det var inga ulempe for meg for då fekk eg fokus på mitt eige løpsopplegg, på løpsrytmen, på løpssteget med korte raske-nesten småtrippande steg og på den positive indre samtalen med mål om alltid å nå TOPPEN med stor løpsglede og begeistring.

Begeistringa tok vi med oss inn i bussen ned frå toppen. Inne i bussen var det også betre fotoforhold enn i regnet og tåka utanfor..

640_1Stemningsrapport1_Bussen_FotoChrPrestegaard
640_1Toppstemningibussen_FotoChrPrestegaard

Foto Christian Prestegård.    Dagen før løpet hadde eg eit foredrag på Fjordsenteret i Geiranger med tittelen OPPTUR på OPPTUR ! Motbakkeløp er OPPTUR både på den fysiske oppturen frå start til mål og ikkje minst på den sosiale nedturen frå mål til start. I motbakkeløpa er ikkje løpet slutt når du er i mål på toppen. Då må du enten gå ned att til start som i La Sportiva Skåla 1848m rett opp og Buff Fanaråken Opp eller bli transportert ned att til start der det er bilveg til topps som i Geiranger og Blåhø Opp i Vågå.

640_LineLystad_FotoArildGjørvad

Foto Arild Gjørvad.  Line Lystad , Vågå IL, vann dameklassa i Nibbeløpet 21km på 1.56,24. I fjor vann ho også 15km løypa i Blåhø Opp i Vågå som har omlag 1250 m stigning opp tio Blåhø på 1617 moh. Blåhø Opp som også har sykkelritt er det motbakkearrangementet i Noreg som er mest likt motbakkearrangementet i Geiranger . I år går Blåhø Opp 2. juli.

640_VinnarSykkel_ArildGjørvad

Foto Knut Arild Maråk. Motbakkefesten i Geiranger er ikkje minst Nibberittet 21 som i dag er vorte det største av løpa i Geiranger med omlag 400 deltakarar: Her har vinnaren i herreklassa Hallvar Barlaup stukke frå feltet allereie etter 400m.

640_Premieutdeling_Oversikt

Foto Christian Prestegård. Det vart folksomt på premieutdelinga trass i regnværet. Den omfattande premieutdelinga for dei 4 løpsarrangementa i Nibberittet og Nibbeløpet vart raskt og effektivt gjennomført. Det vart m.a. pengepremiar frå Sparebanken Møre til dei aller beste.  Klassevinnarpremiar frå Asics og Devold, og div premiar frå Intersport.

640_4_3raskastemenn_lop_FotoChrPrestegaard

Foto Christian Prestegård. Dei tre raskaste menn på Nibbeløpet 21km med pengepremiane frå Sparebanken Møre.  Vinnaren Hans Martin Gjedrem ( Valldal IL ) vann også vandrepremien som vart sett opp i 2005. Han hadde to "napp" i den frå før. Til venstre nr. 2 Andre Hammerø Løseth , Kristiansand IF og nr. 3 Eirik Norstrøm, Ringerike FIK til høgre.

640_1_Bestedamer_sykkel_FotoKnutA_Maraak

Foto Knut Arild Maråk.        Dei 3 raskaste syklistane i dameklassa. Nr 1  Borghild Løvset (Orkla CK) , Nr 2 Hanne Trønnes (Ottadalen SK) og Nr 3 Mari Trønnes (Ottadalen SK). Hanne Trønnes sykla på 1.16.56 og var over minuttet raskare enn sin eigen løyperekord, men vart likevel 1 min og 40 sek bak  Borghild Løvset . Dermed fekk Løvset også bonus for ny bestetid på kr 10 000,- 

640_2_Sykkel_FotoArild Gjørvad

Foto Knut Arild Maråk.  Dette er feltet etter totalvinnaren Hallvar Barlaup som allereie etter 400m leia med 50m.

640_Tobestemenn_FotoArildGjørvad

Foto Arild Gjørvad. Hans Martin Gjedrem og André Hammerø Løseth (til venstre) kjempa om sigeren nesten heile vegen til topps. I mål var Hans Martin vel eitt minutt raskare enn André. I 2009 vart Hans Martin Norgesmmeistar i motbakkeløp i denne løypa som han har kome fyrst til topps i mange gonger.  Hans Martin har også løyperekorden på 1.28,57. I år var han over 7min og 30sek min bak si eiga rekordtid frå NM i 2009.

640_3_TaakeogRegnSykkelDalsnibba2011_fotoBjornHytjanstorp

Foto Bjørn Hytjanstorp. I motbakkeløp Opp på fjelltoppar er halve premien og bonusen å kunne nyte utsynet og vidsynet etter målpassering. I år var tåka så tjukk som graut med sikt på 50 meter og det var liten grunn til å bli værande på toppen.

 

640_Asics_Utsyn_FotoChristianPrestegaard

Foto Christian Prestegård. Dei deltakarane som overnatta i Geiranger til neste dag fekk ein strålande solskinnsdag og kunne m.a. nyte dette utsynet. Eg tok bildet frå Flydalsjuvet på veg attende til Oslo. Skiløparar har for vane å framheve gode ski og smurning når det går bra. Sjølv tok eg dette bildet som takk til Asics for mine nye superlette konkurransesko Asics Gel-Tarter for gateløp og motbakkeløp på veg/ asfalt. Det vart perfekt match i 21 km opp til Dalsnibba i Geiranger. Dei blir nok med til topps i alle motbakkeløp som går på veg /asfalt resten av sesongen  med årets nye motbakkeløp Fløyen Opp i Bergen 20. august som eit høgdepunkt. Men i dei to motbakkeløpa i skikkeleg fjellterreng Buff Fanaråken Opp og La Sportiva Skåla 1848m rett opp  6. og 13 aug er det nok framleis La Sportiva som er favorittskoen.