Det har vore snakka mykje om store snømengder i Skåla Opp-løypa, og med kun 3 dagar igjen til løpet tok eg ein løypeinspeksjonstur med fotoapparat for å kunne dokumentere løypa. Eg fekk med meg Mr. Melkesyre Bjarne Ludvigsen (sjå ingressfoto) og saman fekk vi ein praktfull opptur oppover den 8,2 km lange løypa med 1814m stigning til Skålatårnet. Vi vart begge overraska over at det var så lite snø i løypa ut frå ryktene om store snømengder. Når vi summerte lengda på alle snøflekkane vart det kun 190m, og så fort som snøsmeltinga går no vil det vere endå mindre på løpsdagen.

Når 6 x europameistar Ahmet Arslan, Tyrkia og 6 X verdsmeistar Jonathan Wyatt, New Zealand skal kjempe om sigeren kan det bli ny løyperekord. 190m hardtrakka snø ikkje vil sinke farten meir enn nokre få sekundar.  I dameklassa blir det neppe ny løyperekord, men ein spennande konkurranse med mange som kan vinne. Fyrst og fremst dei to verdsmeistrane i langdistansefjelløp Anita Håkenstad Evertsenog Angela Mudge (Scotland) i tillegg til May Britt Buer.....

Bildeserien av den delen av løypa som framleis har litt snø startar øverst ved det siste og største snøpartiet ved flatbreen 1680moh og blir avslutta ved den fyrste snøflekken som deltakarane møter omlag 1100moh ved Skålavatnet.

SAMLESIDE: Reportasjer på kondis.no om "Skåla 1848 m rett opp" gjennom tidene

Foto: Bjarne Ludvigsen og Christian Prestegård

640apk_Flatbreen150msno_v1670-1700moh

Omlag 150 meter må deltakarane i år løpe i snø over flatbreen. Snøen var så fast at det ikkje påverkar farten nemneverdig.

640b_Flatbreen_Chr_peker_fotoBL

Slik møter deltakaren den 150 meter breide flatbreen på veg oppover.

640c_opptilvenstrenedtilhgre
Her står me omlag 1400moh. Løypa går oppover i det 100% snøfrie partiet til venstre på bildet. Når deltakarane skal ned at etter løpet går det fort å springe ned i snøen på høgre side.
640d_4snoflekk_1325moh
10m snøflekk ved omlag 1325 moh
640e_sno_15m_1250moh
15m snøflekk ved omlag 1230 moh
640g_1stesno1100mohca10m
Den fyrste snøflekken som deltakarane møter ved 1100 moh er omlag 15 meter.
4_Bjarne_fotoChr

Vi kan ikkje avslutte denne reportasjen med snø sidan berre 190m av 8200m har snø. Difor kjem her også nokre bilder frå turen i går litt lenger nedover i den praktfulle traseen som illustrerer kor stort og omfattande Skålasti-prosjektet har vore. Her er Bjarne Ludvigsen på veg oppover ved passering 1000moh.

3_Chr_Opp1050moh_FotoBjarneLudvigsen

Like før mellomtids-stasjon ved 1050moh

2_980moh

Omlag 950 moh

1_Følg Stien

Ved omlag 900 moh . Alle deltakarane vært oppfordra om å følgje stien. Denne oppfordringa gjeld heile løypa.

Sjå også bildereportasjen frå 10-års jubileumsløpet i fjor

Konkurranseklassa i Skåla Opp vart fullteikna allereie ved nyttår, men alle som vil får delta i trimklassa utan tidtaking. I trimklassa er det påmelding heilt fram til start kl. 09.00. Meir info på www.skaala.no