Det var sleipt føre og regn i løpet, så det var ikkje optimale forhold, men likevel vart det ny løyperekord for menn. Kirsten Marathon Melkevik var berre tre sekund frå løyperekorden for kvinner. Løyperekordane var 35.25 for menn og 42.23 for kvinner. Kvinnerekorden vart sett av May Britt Buer i fjor.

Totalt var det 84 deltakarar i konkurranseklassen.

 

Plass   Navn Klasse   Klubb   Tid   Etter
                   
1   Kirsten Marathon Melkevik Kvinner 40-49 år   Gular, IL   42:26    
                   
2   May Britt Buer Kvinner 23-39 år   Gular, IL   43:11   00:45
3   Antonella Confortola Wyatt Kvinner 23-39 år   Italy National Team   46:02   03:36
4   Ingvild Sangesland Jenter 17-19 år   Vindbjart, IL   47:18   04:52
5   Margun Eik Kvinner 40-49 år   Uskedal IL   51:28   09:02
6   Elisabeth Vik Kvinner 23-39 år   Varegg Fleridrett   52:30   10:04
7   Torun Øvergaard Aarvik Kvinner 40-49 år   Rosendal TL   53:42   11:16
8   Maria Seim Kvinner 23-39 år   Ernst & Young BIL   54:53   12:27
9   Ingvild Berlandstveit Jenter 17-19 år   Hålandsdal IL   56:34   14:08
10   Ingebjørg Arneberg Stueland Jenter 12-14 år   Voss IL   57:50   15:24
11   Stine Nes Mæland Jenter 17-19 år   Norna-Salhus IL   57:53   15:27
12   Sara Guddal Jenter 12-14 år   Rosendal TL   59:15   16:49
13   Heidi Berlandstveit Kvinner 20-22 år   Hålandsdal IL   1:01:00   18:34
14   May-Britt Michalsen Tveit Kvinner 40-49 år   Sauda IL   1:02:04   19:38
15   Solrun Samnøy Kvinner 40-49 år   Voss IL   1:02:31   20:05
16   Grete Solheim Kvinner 40-49 år   Rosendal TL   1:05:08   22:42
17   Wiebke Höfers Kvinner 23-39 år   SoonBootcamp   1:11:45   29:19
18   Hilde Hoel Stenmark Kvinner 20-22 år   Privat/ingen klubb   1:14:53   32:27
19   Ingeborg Forthun Kvinner 23-39 år   Noteam   1:15:11   32:45
20   Irene Hengsle Kvinner 40-49 år   SoonBootcamp   1:27:28   45:02
                   
                   
1   Thorbjørn Thorsen Ludvigsen Menn 23-39 år   BFG Bergen   35:22    
                   
2   Stian Hovind-angermund Menn 23-39 år   Varegg Fleridrett   35:46   00:24
3   Torstein Tengsareid Menn 23-39 år   Egersunds IK   36:22   01:00
4   Øystein Sylta Menn 23-39 år   Vidar, Sportsklubben   37:33   02:11
5   Kristen Skjeldal Menn 40-49 år   Voss IL   38:36   03:14
6   Stian Bergstå Menn 23-39 år   Svarstad IL   39:33   04:11
7   Stian Øvergaard Aarvik Gutter 15-16 år   Gneist,IL   39:47   04:25
8   Erlend Drivenes Menn 23-39 år   Tørvikbygd IL   40:42   05:20
9   Yngve Kiserud Menn 23-39 år   BFG Bergen   41:02   05:40
10   Thomas Netland Gutter 17-19 år   Hålandsdal IL   41:11   05:49
11   Daniel Instanes Gutter 17-19 år   Fana IL   41:17   05:55
12   Oddmund Roalkvam Menn 50-59 år   Stord IL    41:25   06:03
13   Robert Bergstå Menn 20-22 år   Svarstad IL   41:37   06:15
14   Kjetil Myklebust Menn 23-39 år   Ingen   42:50   07:28
15   Lars Olaf Haaheim Menn 40-49 år   Varegg Fleridrett   43:03   07:41
16   Ove Måge Menn 40-49 år   Strandebarm IL   43:50   08:28
17   Kjetil Dyrvik Menn 40-49 år   Voss IL   43:55   08:33
18   Morten Tveit Menn 40-49 år   Sauda IL   44:39   09:17
19   Ørjan Nilsen Menn 23-39 år   Fjellgeitene   44:59   09:37
20   Jarek Lazarowich Menn 40-49 år   Herand IL   45:19   09:57
21   Henrik Angermund Menn 23-39 år   Varegg Fleridrett   45:19   09:57
22   Håkon Raaness Menn 20-22 år   Lillehammer ck   45:50   10:28
23   Espen Stueland Menn 40-49 år   Voss IL   45:51   10:29
24   Tore Instebø Menn 40-49 år   Bergen Ck   46:10   10:48
25   Idar Heimdal Espe Menn 23-39 år   Fjellgeitene   46:34   11:12
26   Jan Rolland Menn 40-49 år   Rosendal TL   46:50   11:28
27   Trygve Andresen Menn 23-39 år   Varegg Fleridrett   46:53   11:31
28   Torstein Monsen Menn 23-39 år   Uskedal IL   47:33   12:11
29   Aron Åkre Rysstad Gutter 12-14 år   Velle IL   48:03   12:41
30   Henrik Bauge Gutter 15-16 år   Rosendal TL   48:13   12:51
31   Ronny Nordal Menn 23-39 år   Trio, IL   48:20   12:58
32   Bjørn Instanes Menn 40-49 år   Fana IL   48:57   13:35
33   Ingvald Arneson Johnsen Menn 20-22 år   Halsøy IL   49:12   13:50
34   John A Andersen Menn 60 år og eldre   Varegg Fleridrett   49:31   14:09
35   Lars Måge Menn 40-49 år   Strandebarm IL   49:54   14:32
36   Johannes Heien Menn 23-39 år   Ternen IL   50:38   15:16
37   Trygve Brendehaug Gutter 12-14 år   Syril IL   50:52   15:30
38   Vegard Bremerthun Svarstad Menn 20-22 år   Privat/ingen klubb   51:23   16:01
39   Magne Vikne Menn 50-59 år   Osterøy IL   51:50   16:28
40   Daniel Kaale Svela Gutter 12-14 år   Gjesdal IL   52:29   17:07
41   Jørgen Tellefsen Menn 23-39 år   PwC BIL   52:36   17:14
42   Rune Guddal Menn 23-39 år   Trio, IL   52:50   17:28
43   Sjur G Mæland Menn 50-59 år   Fana IL   52:52   17:30
44   Benjamin Narum Gutter 17-19 år   Ask fotball   52:58   17:36
45   Bjørn Egil Haugland Menn 50-59 år   Uskedal IL   53:00   17:38
46   Skjalg Duesund Menn 60 år og eldre   Klypetussen, IF   53:52   18:30
47   Roger Erstad Menn 23-39 år   Varegg Fleridrett   55:04   19:42
48   Harald Kvåle Bakke Menn 23-39 år   Noteam   55:04   19:42
49   Åsmund Mehl Menn 50-59 år   Rosendal TL   56:04   20:42
50   Jostein Saghaug Menn 40-49 år   Trio, IL   56:10   20:48
51   Georg Trumpy Menn 40-49 år   Statoil B.I.L.   56:30   21:08
52   Morten Leganger Menn 23-39 år   Rosendal TL   56:40   21:18
53   Lars Ove Seglem Menn 23-39 år   Rosendal TL   58:59   23:37
54   Magne Heien Menn 50-59 år   Ternen IL   59:20   23:58
55   Hans Høvik Menn 50-59 år   Privat/ingen klubb   1:01:45   26:23
56   Eirin Sangesland Jenter 17-19 år   Øvrebø IL   1:02:40   27:18
57   Yngve Bøe Menn 23-39 år   Privat/ingen klubb   1:03:19   27:57
58   Ronny Nedrevaag Menn 23-39 år   Trio, IL   1:03:32   28:10
59   Jarle Åsan Knutsen Menn 20-22 år   Torridal IL   1:04:37   29:15
60   Roger Anglevik Menn 60 år og eldre   FRI IL   1:05:56   30:34
61   Frode Sørhøy Menn 40-49 år   Team Melkesyre   1:06:56   31:34
62   Sondre Sørhøy Gutter 12-14 år   Team Melkesyre   1:06:56   31:34
63   Leif Hovden Menn 50-59 år   Halsnøy O-lag   1:09:17   33:55
64   Steinar Kroka Menn 60 år og eldre   Uskedal IL   1:11:21   35:59


Det var Øystein Sylta og Torstein Tengsareid som gjekk hardast ut. Eit stykke oppe i lia hadde dei ei luke til Thorbjørn Ludvigsen og Stian Hovind-Angermund.

 
Thorbjørn Thorsen Ludvigsen har er nettopp tilbake frå ferie, og var glad for å sjå at forma er tilbake. Vi har vel neppe sett han i betre form enn i denne sesongen. Fleire gamle, svært sterke løyperekordar har allereie falle, og vi vågar å hevda at Stoltzen-rekorden er i fare. Bak kjem Stian Hovind-Angermund, som også har hatt ein svært bra sesong. I dag vart det andreplass, 24 sekund bak Thorbjørn. 
 
Kristen Skjeldal kom i mål som nummer fem og kapra førsteplassen i klasse 40-49 år. Bak kjem Yngve Kiserud og Stian Bergstå.
  
Thomas Netland frå Hålandsdal IL var best i klasse 17-19 år.
  
Robert Bergstå vann klasse 20-22 år, Stian Øvergaard Aarvik var best i klasse 15-16 år.


Erlend Drivenes, nummer seks i seniorklassen.
  
  Lars Olaf Haaheim, nummer to i klasse 40-49 år.
  
  Kirsten Marathon Melkevik var tre sekund frå løyperekorden, men det dempa ikkje gleda over at forma er på plass.
   
Daniel Instanes frå Fana IL, nummer to i klasse gutar 17-19 år


May Britt Buer vart skada tidleg i sesongen og har hatt sju veker på krykker. I dag merka ho ikkje noko til skaden, og satsar på deltaking i Skåla opp neste helg. Det vart andreplass i Nuten opp.


Skiløparen Antonella Confortola Wyatt er fast gjest på Nuten opp. I dag vart det tredjeplass, ei veke etter at ho vann eit stort fjellmaraton i Polen.
 
Dagens mest velutstyrte var Ronny Nordal, Trio IL, som fullførte på 48.20.
 
Ingvild Sangesland (17-19 år) vart nummer fire av damene.
 
Bjørn Instanes frå Fana IL. Bak kjem Trygve Brendehaug frå Syril, klasse 12-14 år.
 
Benjamin Narum, 17-19 år. Bak kjem Torunn Øvergaard Aarvik.
 
Stine Nes Mæland og Ingebjørg Arneberg Stueland (bak)


Første jente her er inntil vidare ukjend. Bak har vi Ingvild Berlandstveit og Sara Guddal.


Det er synd å seia at det var triveleg på Malmangernuten i dag. Spesielt ikkje for oss som ikkje visste at starten for damer var utsett frå 11.15 til 12.00. Det vart dermed ein ekstra time å venta på den 890 meter høge toppen.


Fotover var det heller ikkje, men her er i alle fall dei tre raskaste mennene: Frå venstre trear og vinnar av årets motbakkecup Torstein Tengsareid, vinnaren Thorbjørn Ludvigsen og nummer to Stian Hovind-Angermund.

Sjå tidlegare reportasjar frå Nuten opp på Samleside Nuten opp!