61 løparar fullførde i konkuranseklassa, herav fire i 13-14-årsklassen som sprang Vidasete nesten opp. Over 200 trimmarar kom seg og opp på den 1222 meter høge Vidasethovden. Veret vart betre enn forventa, ei lita bye fekk dei på seg, men sidan dukka til og med sola opp.
 
Eli Anne Dvergsdal låg an til å tangera rekorden til Therese Sjursen, men tapte litt for mykje på slutten og hamna på den sterke tida 41:46.
 
Sjå alle resultat, også ein artig resultatgrafikk, på Feios.no
 
Dei fleste bileta er tekne av Kari Samland.
 
049-1.jpg
Øyvind Heiberg Sundby (nr 67) startar friskt i den tøffe startbakken på Lunde i Feios. Andremann i mål vart Andreas Dahlø Wernes som er rett til venstre for Sundby. Nummer tre, med startnummer 62, var Ole Martin Erdal. Elles ser vi her Kjetil Dyrvik heilt til venstre, Mateusz Frankowski (nr 61) og Sigve Næss Rolland (63).
Mateusz Frankowsk 
573-1.jpg
Vidasete Nesten Opp, den kortare løypa for 13-14 åringane. Frå venstre Helga Brudevoll, Marius Årestrup Larsen, Knut Nornes og Kevin Brekken.
 
536-1.jpg
Eli Anne Dvergsdal frå Il Gular vann på 41:46. Anne Brekke og Marit Wold tok dei to neste plassane, men avstanden bak til andremann var over fire minutt.
 
136-1.jpg
Vinnarar damer, frå venstre nummer to Ane Brekke frå Førde il., vinnaren Eli Anne Dvergsdal frå Il Gular, og nummer tre Marit Wold frå Vik idrettslag.

437-1.jpg
Sykkelen var uttrekkspremie og gjekk til Liva Helleland frå Vik idrettslag. Ho vart nummer fem av damene på flotte 48.08.
 
463-1.jpg

Glade ungar med trekningspremiar på natursti. frå v.  Vilde Sætre Samland . Håvard Feidje  og Eirik Bøtun.
 
114-1.jpg
Det er folksamt på fjellgarden Lunde under premieutdelinga. Her blir det servert mat og drikke, inkludert den fantastisk gode isen som vert laga i Feios.

10491197_658480897562850_2230529798978127640_n.jpg
Hanne Liland og Bjørn Harald Bongom frå Varegg i Bergen er komne til topps.  Takk for biletet som eg henta utan lov på Facebook, Hanne!

Resultatlista finn du på Feios.no