Etne kommune har i alt 4100 innbyggarar der storparten bur i Etnesjøen og Skånevik med om lag 3200 av desse. Resten er fordelt i dei mange små grendene. Langs Åkrafjorden bur det mellom 150 og 200 menneske.  Lundal & sønn, som får høg skår på sine gode kjøttprodukt og i same området Åkrafjordtunet med butikk og kafé med panoramautsikt over Åkrafjorden. På Fjæra med berre fem innbyggarar i dag, held Marine Harvest på å etablera eit smoltanlegg på land med 15 arbeidsplassar.

IMG_1969.JPG
Ei reise i Etne sitt mangslugne fjordlandsskap.

Torsdag 28. mai fór det store sykkelrittet Tour des Fjords gjennom desse traktene. Men regn og 7 kalde gradar og sterkt kupert trassé, gjorde det tøft for ryttarane. 

Ved Markhus svingte heile feltet av E-134 og tråkka seg dei 4- 5 km på gamle E-76/E-134. Så var det berre 400 m på nyevegen før feltet på nytt svingte av ved Åkrafjordtunet (der målgang på "Langs Åkrafjorden" er). Opp til Folkaberget med vanvittig utsikt over Åkrafjorden og fritt utsyn til Åkra på andre sida av fjorden, er det seks tøffe km. Bratt nedunder vegen låg det i gamle dagar tre gardsbruk! Men då var det fjorden som var hovudvegen,

Der hadde Kondis plassert eit stort segl, og det flotte kondis-skiltet: "Folk i form til livet". Om det er sundt å pressa seg 150 - 260 km på sykkelsetet dag ut og dag inn, er vel heller tvilsomt. Men det var impoerande kor fort dei passerte oss på den 350 lange flata me hadde tatt oppstilling på. 

Fyrst passerte bilar og motorsyklar i lange rader.
Så endeleg fekk me auge på den tremanns-store utbrytargruppa, som i følge ein motorsykkelekvipasje som stoppa og oppdaterte Kondis, at desse tre hadde ei leiing på 4 minutt og 20 sekund på Markhus 9 - 10 km tidlegare. Sannsynlegvis var avstanden relativt lik der me stod. 

Gamlevegen offisielt opna 9. april 1942
Åkrafjordvegen var ved opnionga ca 30 km. Eit flott stykke ingeniørkunst ved handamakt. Opptil 1100 mann jobba her samstundes, for okkupasjonsmakta ville ha fortgang i arbeidet som byrja alt i 1937. Det har vore ein myte om at arbeidarane var russiske straffangar. Det er heilt feil. Det var vanlege nordmenn som vart lønna av Statens Vegvesen. I alt tre menneske omkom i ulukker under arbeidet. 
Kvifor opninga av vegen var nett 9. april kan ein undrast over. 

Aleksander Kristoff vann etappen i går, 27. mai. Han er stavangergut, og har "vår" mann Svein Erik Bystrøm med på laget. Bystrøm er frå Haugalandet, men trenar med Kristoff i Stavanger. Han er fersk i gamet, men har fått mykje skryt for køyringa si i Katusja. 

IMG_1974.JPG
Over heile linja kunne TV 2-tittarane sjå at etnebuen hadde gjort seg føre med pynting.
 

IMG_1997.JPG
Om denne reklamen kom på TV, veit me ikkje, men på Kondis, ja!

IMG_2044.JPG
Motorsyklar og følgebilar i lang tid før dei fyrste ryttarane dukka opp

IMG_2063.JPG
...og så kom utbrytargruppa på tre. Og dei var her ein halvmaraton frå Etne sentrum, om lag fire minutt føre hovudfeltet.


IMG_2090.JPGDet store hovudfeltet streva felt i motbakkane i det sure veret. Nett her ved Folkaberget fekk dei ei flate på 350 m. Og då nytta nokon høve til å drikka. Kondis målte her 7 varmegradar kl 1610. Og regn.

IMG_2080.JPG
Når ein ser kor fort dei syklar etter mange, mange mil på sykkelsete, så skjønar ein kor dyktig Johan Kaggestad & co er i kommentatorboksen.


IMG_2200.JPG
Åkrafjordtunet skipa til konkurranse på trehjulssykkel. Sofie var ei av dei få som var med, men gullmedalje etter vel gjennomført ritt, ser ut til å smaka like godt som seieren gjorde for Aleksander Kristoff.

Aleksander Kristoff var suverén inn i Haraldsgata i Haugesund også på dag 2 av Tour des Fjords. Og Konsis sin reporter hadde det triveleg ute i regnet.