Informasjon fra facebooksiden til arrangøren. (facebook event)
Laurdag 16. mars 2019 inviterar stiftinga Melshornets venner til Rando Highway - eit skiløp for alle! Løpet går frå Volda skisenter til Melshornet (807 m.o.h.) og arrangerast i år for første gang. Det er for folk i alle aldrar og er ope for alle som ønskjer å delta. Målet er å skape folkefest, så her er det berre å finne fram skia!

Løpet har fire konkurranseklasser: kvinner junior (0-17 år), kvinner senior (18-99 år), menn junior (0-17 år) og menn senior (18-99 år). I tillegg er det ei mosjonsklasse.
Det vert medaljar til alle på toppen og premiering av beste tid i kvar klasse. Det vert også høve til å vinne flotte uttrekkspremiar for alle som deltek, med ein total verdi på over 45.000 kr.! Det blir også premie til beste kostyme, for dei som ønskjer å kle seg ut!

Påmelding og startnummer
Meld deg på via dette skjemaet: https://goo.gl/fPbzWU

I tillegg kan du gjerne trykke på deltar på sjølve arrangementet! Husk at dette er LØPET FOR ALLE, så her er det berre å melde seg på folkefesten!

Deltakaravgift på 100 kr. betalast via Vipps umiddelbart etter påmelding. Søk opp “Melshornets venner” under “Kjøp og betal”. Kvittering må framvisast ved utdeling av startnummer. Dersom løpet ikkje blir gjennomført pga. mangel på snø, vil du få tilbakebetalt deltakaravgifta.

Påmeldingsfristen er onsdag 13. mars kl. 23:00. Påmeldingar som kjem inn etter fristen vert fortløpande vurdert av løpskomiteen. Absolutt siste frist er fredag 15. mars kl. 15:00.

Det vert utdeling av startnummer på Spinneriet kjøpesenter fredag 15. mars frå kl. 17:00 til 19:00. Alle deltakarar må samtidig signere eige deltakarskjema. Har du ikkje anledning denne dagen kan du hente ut startnummer frå sekretariatet på løpsdagen frå kl. 10:00 til 11:00. Vi ber om at flest mogleg hentar ut startnummer fredag på grunn av praktiske årsaker.

Praktisk på løpsdagen:
Løpet startar kl. 12:00 og premieutdeling kl. 15:00. Om ein ser at løpet tek lengre tid enn antatt, kan premieutdelinga bli utsatt. Skisenteret held ope frå kl. 11:00 til 16:00, som normalt.

Utstyrskrav: ski med stålkantar, bindingar, fellar og stavar. Sekk med jakke og bukse i. Hjelm anbefalast for nedkøyringa etter løpet, men er ikkje eit krav. Splitboard er også tillatt.

Løypa går frå Volda skisenter, via “Nedrevegen”, Kleppesætra og til toppen av Melshornet. Lengde 3,1 km og 480 høgdemeter stigning. Det vert satt ut drikkestasjon i Sledalen. Eige løypekart vert publisert.

I Sledalen/baksida vert det laga til eige publikumsområde med musikk, grillar og drikkestasjon. Vi har gratis pølser til alle! Møt gjerne opp her som publikum for å heie deltakarane til toppen!

På kvelden kan dei som ønskjer det av både deltakarar og publikum fortsette folkefesten på Det Grøne Treet, som stiller opp med afterski. Dei tilbyr både mat og drikke til hyggelige prisar!