Pressemelding fra arrangøren

Bergsdalen Opp for sykkel, løp og rulleski vert arrangert 15. juni for 8. gong. Det er blitt eit kompakt arrangement for dei aktive og med barneløp og aktivitetar for barnefamiliar.

Starten går frå kl 13.00 og premieutdeling er allereie kl 14.30.
Som aktiv får du mykje ut av laurdagen både før og etter arrangementet.

Løyperekordar for sykkel vart flytta i 2018 då 1.,2. og 3. plass alle slo den gamle rekorden både for menn og kvinner. Best var motbakkespesialisten Jon Søverås frå Bygdø IL som slo den gamle rekorden med eitt minutt.

For løp står løyperekorden til Thorbjørn Ludvigsen fortsatt, med Stian Hovind Angermund og Espen Roll Karlsen rett bak. Reknar med eit durabeleg oppgjer i toppen i år. På kvinnesida står Rebecca  Louise Hilland sin rekord frå 2016 men er pressa av gode tider dei siste åra.

For rulleski er rekordane modne til å bli slått. Hordaland Skikrets sitt juniorlag stiller til start.

Idrettstalentprisen vert delt ut til beste idrettstalent i Vaksdal Kommune under premieutdeling.

Kl 11.30 går barneløpet som er eit gateløp i sentrum.

Kl 12.00 går den sosiale fellesstarten for mosjonistane som deltar utan tidtaking og set farge på arrangementet.

Arrangøren ventar eit folkeliv i  sentrum og gler seg til å ta imot gjester.

Ansvarlege Arrangører:
Løp:             Dale IL
Rulleski:       Bergsdalen UL
Sykkel:         Voss Sykleklubb

Premiar:

Sykkel menn uansett klasse:
1.Dalegenser + Kr. 3000,-
2.Dalegenser
3.Dalegenser

Sykkel kvinner uansett klasse:
1.Dalegenser + Kr 3000,-
2.Dalegenser
3.Dalegenser

Løp Menn uansett klasse:
1.Dalegenser + Kr. 3000,-
2.Dalegenser
3.Dalegenser

Løp Kvinner uansett klasse.
1.Dalegenser + Kr. 3000,-
2.Dalegense
3.Dalegenser

Rulleski Menn uansett klasse og uansett klassisk eller fristil.
1. Dalegenser + Kr. 3000,-
2. Dalegenser
3. Dalegenser

Rulleski Kvinner uansett klasse og uansett klassisk eller fristil
1. Dalegenser + Kr. 3000,-
2. Dalegenser
3. Dalegenser

Løyperekordar Sykkel, Løp og Rulleski:
Løyperekord for sykkel, løp og rulleski (uansett klassisk eller fristil) separat kvinner/menn blir premiert med kr. 1000.

Tur og trim utan tidtaking:
4 stk Dale-genser vert trekt på startnummer. 
 

Fullstendig program klikk her


bo6.jpg
Pallen kvinner 2018, Eli Anne Dvergsdal flankeres av de to Hanstveit-tvillingene Emma og Anna. 


IMG_4097.jpg
Trond Ove Vik har akkurat passert demingen og har kun et par svinger igjen opp til mål

Tidligere Kondis-reportasjer

2012: Bergsdalen opp på sykkel, ski og løp
2013: Sverre Morten Slethaug til tops i Bergsdalen
2014: Suksess for Bergsdalen Opp under Daledagane
2016: Espen Roll Karlsen og Rebecca Hilland vant Bergsdalen Opp
2017 : 200 deltok i vellukka Begsdalen Opp på laurdag
2018: Bergsdalen Opp 2018 - "best games ever"