Lørdag 19. oktober arrangerer Osterøy IL Brakvatnet Halvmaraton. I tillegg til individuell halvmaratondistanse vil det bli stafett med 2 – 8 løpere som deler på den samme distansen.

Vi har fått denne pressemeldingen fra Osterøy IL:

BRAKVATNET HALVMARATON LAURDAG 19. OKTOBER

Laurdag 19. oktober er det klart for Brakvatnet Halvmaraton for 13. gong. Det er meldt fine forhold, og arrangørane i Osterøy IL lokkar med halvmaraton, halvmaratonstafett og barneløp langs idylliske grusstiar. Eit «feelgood-løp» kallar dei arrangementet, og trekkjer særleg fram stemninga når løparane passerer målområdet – og det gjer dei åtte gonger.

I naturskjønne omgjevnader snirklar løypa seg kring Brakvatnet som ligg i eit populært friluftsområde på Osterøy. Den 2,6 km lange runden er kupert og krev sitt både av mosjonistar og eliteløparar. Mesteparten av løypa er på idylliske og nokså breie grusstiar. Elles er det litt sti og litt asfalt/oljegrus.

I fjor vann Robert Hisdal på tida 1.24,51 og Ingrid Revheim på 1.34,11. Iallfall Ingrid stiller til start også i år. Ho sprang 1.28 i København Halvmaraton i haust. Hilde Aasheim har løyperekorden rundt Brakvatnet med 1.24,29 frå 2013. Bjarte Vik har løyperekorden for menn med 1.18,31 frå 2011. Fleire lokale løparar har meldt seg på i jakta på rekorden, m.a. Emil Hosøy og Markus Loftås.  Løparane får rundetider og kan studera tidlegare tider på nettsida til Osterøy IL, friidrettsgruppa.

For dei som synest åtte rundar rundt vatnet er i meste laget, er halvmaratonstafetten eit godt alternativ. Her kan frå to til åtte løparar delta på kvart lag. Kvar etappe er på minst ein runde (2,6 km). Det går mot ny deltakarrekord i stafetten med minst 15 lag. I fjor vart det ein kamp mellom friidrettsgruppa og skigruppa i Osterøy IL, men IL Fri stiller med to sterke tomannslag; Espen og Amalie Joensen, og Christer Sælen og Nora Midttun. Stafetten startar samtidig med halvmaratonløparane klokka 13.

Arrangøren gjer merksam på at det ikkje er parkeringsplassar ved start, og at folk må parkera ved skulen på Valestrand. Derifrå er det 10-15 min å gå til start, delvis gjennom løypa.

Historikk: Brakvatnet halvmaraton vart første gong arrangert i 2007, mest som eit testløp for initiativtakaren Sigbjørn Reigstad – som i «eit anfall av overmot» hadde meldt seg på full maraton på Lanzarote. 16 ivrige løparar stilte til start, klare for 8 rundar rundt Brakvatnet – i heller djup snø. Av desse fullførte 12 distansen. Teståret ga meirsmak, og med ei klar satsing på å få lokale mosjonistar til å ha dette som årets store utfordring fekk ein dei første åra eit stort oppsving i deltakartal. Ein foreløpig topp blei nådd i 2014 med 249 deltakarar.

Meir info om Brakvatnet Halvmaraton

Plakat Brakvatnet Halvmaraton