Vignett-kondiskommentaren.jpg

Artikkelen har òg stått på trykk i Kondis nr. 8 - 2020.

Dette er ein kommentar. Kommentaren gir uttrykk for skribenten si meining.


I ein kronikk i Kondis nummer 7 stilte Gudmund Skjeldal seg kritisk til korleis idretten omfamna tiltaka mot viruset:

«Sjølv har eg mest skepsis å komma med. Då tenkjer eg på den innbitte viljen til helse som vaka over tilskipinga då, og det puritanistiske, nesten revolusjonære alvoret som pregar myndigheitene og dei stadige pressekonferansane no. Idretten er påfallande lojal attende mot staten. I alle fall på leiarplan kan det verka som om ordet «dugnad» har gått til hovudet på somme. Den nokså  nyvalde idrettspresidenten (Kjøll) oppfordra i haust alle i idretten til å vera ihuga «smittevernsambassadører». Som om det var oppgåva til dei som driv med leik og med moro.»

Andre kommentatorar, som Leif Welhaven i VG og Jan Petter Saltvedt i NRK, har stadig ytra det motsette, at idretten bør påleggje seg sjølv enda strengare restriksjonar enn det styresmaktene allereie har kravd. Fotballkampar og skirenn bør avlysast fordi det nærmast er umoralsk å halde på med noko så lettsindig som leik og idrett i eit år der over 400 har døydd av eller med eit virus.

Redsla for å bli smitta ser òg ut til å vera smittsam, og skistjerner som Heidi Weng og Johannes Høsflot Klæbo meldte avbod til skirenn med smittefaren som grunn.

Det siste får vera heilt greitt, tenkjer eg. Har ein lyst til å isolere seg frå farane i livet, så er det eit val ein sjølvsagt må få ta.

Verre er det etter mi mening at somme prøver å få det til å bli noko moralsk mindreverdig både å arrangere og å delta i idrettsarrangement. Ikkje minst gjeld det for løp og langrenn der det knapt har vori registrert smittespreiing.

Er det helsa ein tenkjer på, så er tapet ved at folk mister motivasjon til å trene truleg større enn om smitterisikoen skulle auke aldri så lite. Når fellestreningar blir innstilte og treningssenter stengte, vil det vera ein god del som ikkje klarer å halde seg aktive, ikkje minst no med mørk og kald vinter ute.

Om ikkje vi som idrettsutøvarar og idrettsorganisasjonar kjempar for retten til å trene i lag og arrangere løp, kven skal da gjera det? Skal vi berre sitja isolerte i heimen og godta restriksjonar som har svakt fagleg grunnlag og som på både kort og lang sikt er øydeleggjande for både livsgleda og folkehelsa?

Eg veit at virussaka er vanskeleg. At det er sterke kjensler blanda inn. At det ikkje finst enkle løysingar. At dei som tek til motmæle fort blir uglesett. Men eg merkjer at eg byrjar å bli lei av alle som iallfall utåt vil framstå som dei mest moralske. Som seier at «i ein slik samanheng betyr ikkje idretten noko».

Jau, han gjer det. Leiken, rørsla, samværet og fridomen er verkeleg verdt å verne. Så skyt og gå fort på ski, Johannes Tingnes Bøe. Den største faren er om vi blir så redde for å døy, at vi sluttar å leva.
 

Runar Gilberg (f. 1965) er redaktør for bladet Kondis. Han har hovedfag fra Norges idrettshøgskole og har i en årrekke vært trener i Sportsklubben Vidar. Gilberg er med og arrangerer Rallarvegsløpet, og han har sjøl løpt alt fra 800 m til ultraløp med 2.28.37 som bestetid på maraton.


Kondis trenger din støtte
Bli medlem eller støtt oss med en gave hvis du ønsker at Kondis skal fortsette å spre treningsglede, skrive reportasjer, lage terminlister, kontrollmåle løyper, føre statistikker osv. På grunn av koronakrisen har store deler av annonseinntektene våre falt bort, og vi er i enda større grad avhengig av medlemskap og støtte fra våre lesere.

Bli medlem og få mange medlemsfordeler!

Gi en gave:
Vårt kontonummer er: 1503.35.18541
Vipps: 125957