Vignett-kondiskommentaren.jpg

Mange har gått enda lenger og kallar endringa i Diamond League-programmet eit åtak på den austafrikanske friidretten og dominansen deira på dei lange distansane. Om du ikkje kan slå dei, så kan du iallfall ta favorittøvingane deira ut av menyen. 

Frå før har 10 000 meteren vorti fjerna frå Diamond League og no altså 5000 meteren. Det er heller ikkje så mange år sia VM terrengløp gjekk frå å bli arrangert kvart år til annakvart år. Fleire undrast om fjerninga av langdistansane frå Diamond League berre eit varsel om at det same vil skje òg i VM og OL.  

Langdistansane har i stadig større grad vorti dominert av løparar frå Aust-Afrika, og i både Kenya og Etiopia blir endringa møtt med motstand og sinne. Det er levebrødet til løparane deira som i nokon grad blir borte, og dei fryktar at vedtaket vil gå utover rekrutteringa til baneløpinga.    

Coe, Ovett og Muir
Presidenten i Det internasjonale friidrettsforbundet (IAAF) er brite og heiter Sebastian Coe. Det er nærliggande og undrast på kva han ville sagt om det var 1500 og 800 meteren som vart tekne ut av Diamond League-sirkuset. Sjølv om britane er på langt nær så sterke no som da Sebastian Coe og Steve Ovett herja, så heng dei likevel sånn nokolunde med, og ei verdsstjerne har dei òg i Laura Muir. Kva om ho ikkje fekk springe favorittdistansen sin i dei største stemna? 


Fjerninga av langdistansane frå Diamond League-programmet blir grunngitt med at TV-sendinga på 2 timar er for lang. Folk klarer ikkje meir enn halvannan time, blir det hevda, og nokre øvingar må difor lukast ut. 

Sjølv ville eg heller stemt ut kulestøyt enn 5000 m, men mest av alt trur eg IAAF gjer ei feilvurdering når dei trur at folk ikkje likar idrett som held på ei god stund. Fotballkampar varar i om lag 2 timar når ein tek med pausen og overtid. Sykkelritt strekk seg drygt ut i både tid og rom. Femmila og Vasaloppet er kronjuvelane i langrennssirkuset. 

Kjenner distansen
5000 m er dessutan ein distanse som mange TV-sjåarar sjølv kan relatere seg til. Mange har sprungi 5 km og veit kva ei tid på 13-talet betyr når dei sjølv spring Parkrun på 18 eller 26 minutt. Slik sett ligg både spydkast og tresteg mykje lenger unna referanseområdet til dei som ser på. Men skal eit langt løp bli givande å sjå på, må vi få sjå heile løpet samanhengande, utan at det andre øvingar blir putta inn medan dramaet speler seg ut. 

Så ville det sjølvsagt vori meir spennande om fleire land og verdsdeler var konkurransedyktige også i lange løp. Men i staden for å fjerne distansane, så kunne ein kanskje prøvd å stimulere fleire også utanfor Afrika til å satse på langdistanse? Somme, som Sondre Nordstad Moen, Julien Wanders og Galen Rupp har vist at det er mogleg. For ikkje å snakke om Paula Radcliffe, Ingrid Kristiansen og Grete Waitz. 

I ei tid kor det meste er flyktig, er det fint at noko varar i meir enn 10 minutt. Gjennom historia har mange av dei største friidrettsstjernene vori langdistanseløparar, og det vil vera trist om arven frå Paavo Nurmi, Emil Zatopek, Haile Gebrselassie og Tirunesh Dibaba ikkje skulle bli ført vidare.



Artikkelen har også stått på trykk i Kondis nr. 4 - 2019)
 

Runar Gilberg (f. 1965) er redaktør for bladet Kondis. Han har hovedfag fra Norges idrettshøgskole og har i en årrekke vært trener i Sportsklubben Vidar. Gilberg er med og arrangerer Rallarvegsløpet, og han har sjøl løpt alt fra 800 m til ultraløp med 2.28.37 som bestetid på maraton