Knut Arild Maråk hos arrangøren skriv til oss:

På laurdag skal hundrevis av syklistar og løparar på nytt kjempe om å kome først opp på fjelltoppen Dalsnibba i Geiranger. 21 km nesten samanhengande stigning opp nesten 1500 høgdemeter ventar. Som tidlegare kan ein enten sykle Devold Nibberittet, springe Devold Nibbeløpet eller gjere begge deler i Nibbedobbelen. Nibbemarsjen og Nibberittet trim er alternativet for dei som ønskjer å gå elles sykle utan tidtaking og det finst også mini-alternativ for dei yngste.
 
For dei som spring så er dette blant dei lengste og høgste motbakkeløpa i landet. For dei som syklar så er dette eit kort men annleis ritt, der det f.eks er få fordelar med å ligge i felt - her må ein gjere jobben sjølv. Duatlonen Nibbedobbelen er for dei alle tøffaste! Uansett byr vi på spektakulær vestlandsnatur frå sommar ved fjorden til snø på fjellet - frå fjord til fjell! 
 
Vi opplever kvart år at enkelte syklistar i Nibberittet på veg ned att etter målgang risikerer liv og lemmer ved å køyre forbi arrangementsbussar i 180-graderssvingane. Dette er forbunde med stor risiko og våre frivillige sjåførar køyrer med hjertet i halsen kvart år. Vi har i år derfor gått til det drastiske skrittet å kreve at alle i Nibberittet som syklar ned att etter målgang plasserar startnummeret sitt på ryggen. Dette slik at arrangøren kan identifisere dei som syklar uvettig og kan diskvalifisere dei. Uvettig køyring ned att etter målgang har vore diskvalifiseringsgrunn i mange år, men det har vore vanskelig å identifisere dei det gjeld.
 
Forøvrig ventar vi 500-600 deltakarar på laurdag og vermeldingene er i overgang gode - det skal bli hett oppover bakkane. Nibbeløpet vert i år arrangert for 25.gong. Det er faktisk tre deltakarar som har vore med dei 24 forrige utgåvene, deriblant Ragnar Seljeset. 
 
Vi har i år eit samarbeid med Devold og Aktiv mot Kreft. Deltakarane våre har mulighet til donere pengar til utandørs aktivitetstasjonar ved Pusterommet ved sjukehuset i Ålesund. Dette er treningssentre som Aktiv mot Kreft har oppretta som eit treningstilbud ifbm. kreftbehandling.
 
Meir informasjon på www.frafjordtilfjell.com
 
Her er startliste for Nibbeløpet;
og for Nibberittet;
 
Loep_2016
Fra Nibbeløpet 2016. Foto: Knut Arild Maråk