Anders Aukland deltok også i 2011. Då vart han nr. 3 på tida 40.40 i den 4,38 km lange løypa med 842m høgdeskilnad. Det var Øyvind Heiberg Sundby IK Tjalve som vann på 37,56 med Kristen Skjeldal, Bulken IL på 2. pl. Dette er framleis dei 3 beste tidene i løpet. Løyperekordhaldar i kvinneklassa er Therese Sjursen, BFG Fana, med 45,55 frå 2012.

For meir info og påmelding sjå www.syvdeil.no/Blåfelden Rett Opp

400_Loypetrase_Blaafelden

Løpet startar ved Herøy vidaregåande skule avd. Vanylven. Dei fyrste 800 meterane går på asfalt, før løypa stig bratt opp mot platået til løypas høgaste punkt, Svartetua 842 m.o.h. Frå Svartetua er det litt nedoverbakke før løypa stig slakt mot mål på Blåfelden 820 m.o.h.

400_Hjelmeset_nr 3_2012_jpg

Det var flott vær i fjor då Odd Bjørn Hjelmeset deltok. Han vart nr 3 på tida 44.03 og smilte som vanleg heile vegen til topps....Foto Kåre Nygård.

400_Raskaste2012Tjonneland_Sjursen_Helgheim_Hjelmeset_Rindal

Dei tre raskaste menn og to raskaste kvinner i mål på Blåfelden 2012. Frå venstre: Jann Olav Tjønneland (nr 2). Therese Sjursen (nr 1), Merete Helgheim (nr 2), Odd-Bjørn Hjelmeset (nr 3) og Arve Rindal som vann løpet for tredje gong. Foto John Willy Klungre.

400_Aukland,Sundby,Skjeldal_2011_Foto_arr

 

Foto John Willy Klungre. I 2011 var det topp nasjonal deltaking og rekordtider i herreklassa. Dei tre raskaste frå venstre Kristen Skjeldal, Øyvind Heiberg Sundby og Anders Aukland. Det skal bli spennande å sjå om Anders Aukland kan slå løyperekorden til Øyvind og om han får følgje av Simen Østensen heilt til topps. I 2006 sprang Anders Aukland Skåla 1848m rett opp på 1.13.25. Då var Øyvind 4 min bak Anders, men det er 7 år sidan...I mellomtida har Øyvind spesialtrent for motbakkeløp og m.a vunne NM i motbakkeløp, medan Anders så seint som i år m.a. vann både Birkebeinerrennet og verdscupen i langdistanselangrenn samanlagt (FIS Marathon Cup).

Sjølv ser eg fram til å springe eit for meg nytt motbakkeløp i praktfull vestlandsnatur. Gledar meg også til å halde ein mini-kick-off om motbakkeløping før premieutdelinga. Har også tenkt å stille Anders og Simen nokre spørsmål...Sjå meir om dette på heimesida til www.syvdeil.no / Blåfelden Rett Opp