Jonny Asperheim

Offerdalstunnelen med 16 % stigning var eit av dei fyrste innslaga i NRK-serien Norsk Attraksjon med Linda Eide. Bedre marknadsføring for ein unik motbakkeløypetrase er det vanskeleg å få. (Ingressfoto Porten.no) .Det er i år fjerde gong "Aosen Opp" blir arrangert og sjølv deltok eg for fyrste gong i fjor. Det vart ein flott opptur både som total løpsoppleving og resultatmessig. Dette er verkeleg ei flott og unik løype for oss som likar å springe motbakkeløp på veg.. Sjå reportasjen frå i fjor på Kondis.no http://www.kondis.no/rekordfart-opp-verdas-brattaste-tunnel.5063857-127693.html

For oss som skal delta i VM i motbakkeløp i Tsjekkia 31. august er Aosen Opp ei perfekt løype som gjennomkøyring ei veke før. I Tsjekkia skal vi springe ei «rask» løype på 8,6 km med 650 m stigning.

Arrangøren melder til Kondis.no at det er etterpåmelding ved start helt fram til kl. 12.45, men ver tidleg ute. Starten i konkurranseklassa går kl. 13.15. Send gjerne påmelding no til  Tor.Henanger@Hydro.com , Tel 95798651. I fjor vart det innført standard klasseinndeling med 5-års veteranklassar. Oppgje fødselsår/klasse ved påmelding.

For meir info sjå heimesida til Aosen Opp: http://aosenopp.aatil.no/eway/default.aspx?pid=211. NB ! Nytt av året er at arrangøren har gått bort frå kravet om bruk av refleksvest. MEN det er påbod om bruk av lykt. Alle deltakarar må springe med lykt gjennom tunnelen. Det er bekmørkt!  Værmeldinga for laurdag er også lovande ! 70 % av løypetraseen på 7,3 km går jo UTE under åpen himmel!

640_Plakat2013