Løpet er 7,3km langt med ei stigning på 730m. Løypa følgjer bilvegen frå Strondi i Seimsdalen opp til og gjennom den 2 km lange Offerdalstunnelen til Aosahytta. Verdas brattaste tunnel Offerdalstunnelen , med 16% stigning, var eit av dei fyrste innslaga i NRK-serien Norsk Attraksjon med Linda Eide.

I år har arrangøren endra på klasseinndelinga for å få med endå fleire løparar over 40 år i konkurranseklassane. I fjor var eldste klasse 21 år. I år følgjer arrangøren standard klasseinndeling med 5-års-veteranklassar og Kondis.no applauderer denne endringa og køyrer på løpsdagen frå Oslo til Seimsdalen for å delta i konkurranse- klasse 55-59 år med fotoapparat, refleksvest og lykt !  Det er påbode med (hovud-) lykt og refleksvest gjennom tunnelen.

No ser klasseinndelinga slik ut: 14 - 15 år, 16 - 17 år, 18 - 19 år ,20 - 22 år, 23 - 39 år,  40 - 44 år
deretter 5-årsklasser . I tillegg er det trimklassar.
Starttidene erKl.17:30 Trim utan tidtaking (alternativ start: inngang Offerdalstunnelen).  Kl.18:00 - Maxtidklasse (max. 1 t ime og 15 minuttar). kl.18:15 - Fellesstart konkurranseklassar med tidtaking (frå 14 år). Det er busstransport etter målgang ved Aosahytta og attende til start/parkering i Seimsdalen.

Sjå meir om Påmelding og løpsinfo på heimesida til  Årdalstangen Idrettslag. Spørsmål kan også rettast til Tor  Henanger på tel. 95 79 86 51 , e-mail: tor.henanger@hydro.com   

Kondis.no har fått berre positive tilbakemeldingar frå deltakarane i fjor, ikkje minst frå Kjell Erling Mundal, Jølster, som vann løpet. Sjølv ser eg ikkje berre fram til Aosen Opp som ei unik løpsoppleving, men også til å få ei perfekt gjennomkøyring til 20-års-jubileumsløpet Nibbeløpet 21km i Geiranger 16. juni. "verdas flottaste motbakke-halvmaraton på veg".

Sjå bildeserie frå 2011 på SognAvis.no

Tunnelopning foto_JabChrJerving
Foto Jan Chr Jerving
640_aosenopp