Rapport fra arrangøren

Speaker ved mål på Storfossen refererte innspurten ned til sentrum. Rekordras på sykkel og fleire deltakarar enn dei siste  5 åra. Dette viser at arrangøren er på rett veg.

bo1.jpg

I år hadde arrangøren flytta barneløpet til før hovudstarten som var flytta til kl 1300. Premieutdelinga kom allereie kl. 1430, noko som gjorde at dei tre beste kvinner og menn i kvar gein var til stades under premieutdelinga, med eitt heiderleg unntak. Etter omlegging til delte nummerseriar og endra plassering av brikker fungerte også tidtakarsystemet godt. Arrangøren er tydelegvis ferdig med barnesjukdomane og arbeider no med «show»-delen der dei også hadde gjort framsteg.

 

Ei viktig endring i år var at «Sykkel» vart premiert på lik linje med «Løp» og «Rulleski», dvs. dalegenser, denne gongen OL-genseren, til dei 3 beste kvinner og menn pluss pengepremie for seier og for løyperekordar.

 

I «Sykkel» slo det til med løyperekordar både for kvinner og menn. Jon Sæverås Breivold, Bygdøy IL, knuste den gamle rekorden for menn med litt over eitt minutt mens både Andreas Hosøy, Fana, og Sander Dybvikstrand, Christiania Velociped Klubb, begge slo den gamle rekorden. Jon gjekk hardt ut, fekk tidleg leiing og kunne då kontrollera farta til mål. Løyperekorden kan betrast enno eit hakk, seier han, fordi han fekk hard motvind gjennom nokre svingar ved tunnelen. Han synes det var svært hardt men seier at det er for få ritt med motbakke i Norge og synes BO var et topp arrangement. Han er frå Oppegård, studerer ved NTNU i Trondheim, var på besøk hos søstera på Voss, driv toppidrett, satsar på sykkel, har sin styrke i motbakke og temporitt. Jon kjem gjerne igjen på BO og tar kanskje med seg ein gjeng dersom det høver.

 

bo2.jpgSykkel herrer

 

I kvinneklassen sette Emma Dyrhovden, IL Bjørn West, ny løyperekord mens Elise Orten, Espeland, tok 2. plassen og Kristin Eidsheim Sønnesyn, Vossevangen CK, tok 3. plassen. Elise og Kristin overtok også 2. og 3. plass på løyperekordlista. Det vart ein klar nivåheving på prestasjonane i sykkel både for menn og kvinner.

 

bo3.jpgTopp 3 kvinner sykkel

 

Alle resultater sykkel

 

 

I «Løp-menn» vant Espen Roll Karlsen, med 22 sek bak hans PB. Han er fortsatt innehavar av 3. beste tid nokon sinne satt i 2016. Yngve Kiserud, BFG Bergen Løpeklubb, tok 2. plassen medan Jacob Hystad, Stord IL, tok 3.plassen. Torbjørn Ludvigsen og Stian Angermund Hovin som har dei to beste tidene nokon sinne glimra i år med sitt fråvær. Torbjørn har allereie lova å koma til neste år. Det kan bli ein bra duell med desse to og Espen i knallform.


bo5.jpg
Jajob Hystad og Espen Roll Karlsen.

 

I «Løp-kvinner» vant Eli Anne Dvergsdal på ei tid som plasserte ho på 2. plass på rekordlist. Dei to tvillingane frå Mjøsdalen IL på Osterøy som deltar i J12-15 fortset å imponera med 2. og 3. plass. Med slik framgang vil rekordane her snart bli sletta.

 

bo6.jpg
Topp 3 kvinner løp

 

Alle resultater løp

 

I «Rulleski-menn» var det duka for duell mellom Erling Fagerbakke Fosse, Voss IL og Bergsdalen sin eigen son, og Daniel May Instanes, Fana IL. Duellen varte til mål, men Erling drog det lengste strået og slo Daniel berre med 2 sek. Erling starta sesongen med gode resultat men mista mykje av sesongen grunna sjukdom før jul. På tampen av sesongen er han på gong igjen. Det skal bli moro å fylja han til neste år.

 

bo7.jpgStarten rulleski

bo8.jpgTopp 3 rulleski menn

 

 

Eivor Vestrheim Skjerven tok ein heim seieren i «Rulleski-kvinner», tett følgd av Anniken Ravnaa, TIF Viking, 24 sek bak, og Julie Roll Tørnqvist, Fana IL. Eivor og Anniken la seg inn på 2. og 3. plass på løyperekordlista. Det tetnar til i toppen av denne lista. Det tyder på at nivået er blitt høgare i toppen. Kanskje Karoline Simpson-Larsen, Vargar IL, sin løyperekord frå 2017 ryk allereie til neste år.

 

bo9.jpgTopp 3 kvinner rulleski

 

Trimklassen var større enn tidlegare år og stemninga var høg under den sosiale fellesstarten, ein time før hovudstart. Deltakarane her får ikkje registrert tid, men får registrert fullført. Dei bidrar som heiagjeng undervegs og ved målgang for dei konkurrerande greinene. Kanskje det nærmar seg «Tour de France»-tilstandar i Bergsdalsvegen om nokre år.

Alle resultater rulleski

 

 

bo10.jpgStartbilde trim

 

Den årlege utdelinga av idrettstalenprisen, sett opp av Dale Shell, gjekk denne gongen til Remi Skaftun Søvik for sine prestasjonar på fotballbana.

 

bo11.jpg
Remi Skaftun Søvik