Det andre løpet i årets klypekarusell i Etne går over ein liten "hump" på Frettsvegen, langs det vakre Stordalsvatnet. Ein slik hump kalla dei før i tido for ein klubb. Denne klubben ligg til garden Bjørk, derfrå namnet Bjørkeklubben Over. Høyrest ut som terrengløp, men det er eit gateløp.

Det nye MINI-KLUBBEN startar på sjølve Bjørkeklubben, og det er ca. 450 m inn til mål, same målgong som den lengre løypa. Her kan dei som ikkje maktar 1270 m vera med. Passar godt for dei med rullestol.

Sterke løyperekordar:
Kvinner: Miriam Berg Hovda, Haugesund IL   4.08
Menn:    Johannes Alne, Ås IL              3.28


Rekordane har stått i mange år. No lovar arrangørane IF Kypetussen kr 500,- i løyperekordpremie i tillegg til kr 500,- til fyrste kvinne og mann i mål.

IF KLYPETUSSEN, original.jpgRikelege og flotte trekkjepremiar
Det er alltid rikeleg med trekkjepremiar i Klypetuss-karusellen. 

Nytt i 2018:
Deltakar-rekord i Bjørkeklubben - 85 deltakarar, eller fleire, så trekkjer arrangøren IF Klypetussen éin konvolutt med heile 20 MILLION-FLAX

Høgste deltakartalet i karusellen har Trongjo Opp med 106.
Ryk denne rekorden, så trekkjer arrangøren ut éin deltakar som får kr 1000,

Bjørkeklubben Over vert i 2018 arrangert på 36-årsdagen til IF Klypetussen

Fornoegd_Miriam_berg_Hovda.jpg
Miriam Berg Hovda - får ho halda rekorden etter 2. april 2018?