Arrangøren, Syvde Idrettslag har med god hjelp frå Sparebanken Møre- Hofseth as og Økonomiconsult as fått ein avtale med det private skilaget «Team Centric», og dei stiller med Tord Asle Gjerdalen. Han er bl.a. verdensmester i 4 x 10 km stafett to gonger og har fleire gode individuelle resultat, og har som varemerke å gå skirenn med pilotbriller.
Tord har med seg lagkameratane og brødrene Anders og Jørgen Aukland. Anders er m.a. olympisk mester og verdensmester i stafett og er fortsatt aktiv. Så her kan det bli en brødreduell. Anders og Jørgen har spesialisert seg på langdistanseskirenn som f.eks. Vasaloppet og Marcialonga. Anders har delteke på Blåfelden to gongar før og kjenner løypa godt, men har enno til gode å få oppleve utsikta.
Blåfelden rett opp startar i Syvde sentrum og løypa er på 4,3 km. Den går frå sjønivå til 842 moh på toppen av Blåfelden. Den som har gjennomført løpet raskast, er Øyvind Heiberg Sundby, Tjalve på 37:56 (2011) og på kvinnesida Therese Sjursen, BFG Fana på 45.55 (2012).
Syvde IL vil presisere at i tillegg til å vere eit tøft motbakkeløp, er ein tur på Blåfelden i mosjonsklassa ein ypperleg familietur. I monge tilfelle kjem borna på toppen før foreldra.
I år prøver vi å få til ein Bedriftscup, der vi oppfordrar tidlegare deltakarar til å ta med nokre arbeidskollegaer og melde seg på som lag, og evt. utfordre andre bedrifter. Ein flott pokal til odel og eige ventar til det sprekaste laget.
Meir info om Blåfelden finn du på www.syvdeil.no
Artikkel fra løpet i fjor finner du her
Kontaktperson og meir info Atle Midtbø tlf 971 14 208
Fra Blåfelden Rett opp 2012