Tekst: Gisle Sellevold    Foto: Håvard Kvalvik Berge og Gisle Sellevold

"Smått é godt"
...er ein kjend song av Stavanger-ensemblet. Med 165 fastbuande kan ein trygt starta med  "Smått é godt". Særleg av di dei alltid lagar ein hyggeleg atmosfære i denne bygda. 

Lars_Emil_Berge_Kraftverk_utloep_overvann_1280_IMG_0009.jpg
Driftsleiar Lars Emil Berge hentar vatn som alt har gjort si teneste frå kraftverket.

VIKAKRAFT-LØPET
4 jenter og 8 gutar stillte på startstreken ved Vika Kraft sitt anlegg midt i Åkrabygda. Kraftverket er ått av 18 lokale grunneigarar. Det kan styrast av driftsleiar Lars Emil Berge per mobiltelefon... "Han og 49900 m på femmila" (Thor Gotaas si bok om femmila) omtalar Bjørn Rune Bergane som er ein av planleggarane som gjennomførte tilskipinga. Han var ein god idrettsmann. Han gjekk femmila i Holmenkollen og stod av rett før mål av di han høyrde speaker annonsera start på kombinert....  Han og Lars Emil Berge hadde med seg ein heil haug av frivillege som gjekk opp med turklassen og stelte til kaffi, saft og grillmat i målområdet. 

Poelsefest_1280_IMG_0096.jpg
Etter løpet var det grilling, saft og kaffi ved dammen der krafta stammer frå. Tilskiparane Vika Kraft og Matre IL tok inga startpengar, og også grill-festen var gratis

Dette skriv tilskiparane til Kondis:
"Vellukka Vikakraft-løp i Åkra
Det var tunge bakkar, og eg begynte litt hardt!” forklarte Noah Lekva Hjelmeland frå Omvikdalen etter løpet. Trettenåringen var ein av tolv deltakarar i konkurranseklassa. Foreldra var også nøgde etter løpet. “Eg hadde aldri trudd at det var så fint og så mange premiar!” seier mamma Anne Ruth.

Totalt var det med 57 deltakarar, og på toppen forklarte styreleiar Lars Emil Berge litt om dette 10-årsjubiléet. Vi i Vika Kraft AS la inn 10 000 kr i premiepotten. Brødrene Dahl og BG-Suldal la inn 4500 kroner. I tillegg var det premiar frå Sparebank1 SR-bank og Småkraftforeninga. Det vanka også gratis pølser og kaffi. Vatn henta vi i utlaupet og frakta opp, seier Berge!

Med dette håpar eg fleire tek opp handsken og set fokus på småkraft i nærmiljøet, seier Lars Emil. Ein treng nødvendigvis ikkje arrangera eit løp, men ein kan laga eit turløype til dammen med bok for avkryssing av tal turar til dam. Ut på hausten kan t.d småkraftverket dela ut ein eller fleire premiar. Ein kan også gjera andre tiltak for nærmiljøet som t.d setja ut kvilebenkar osv. Her er det berre fantasien som set ein stoppar. Vi som er eigarar av småkraftverk skal vera synlege i nærmiljøet på ein god måte, seier Lars Emil Berge.

Startnr5_kanskje_vinneren_IMG_9641.jpg
Unge Kristian Øvstebø var raskast av alle.

Nr11_og_nr3_1280_IMG_0029.jpg
Magne Årthun Bergane mot mål

Dame_med_Bergen_City_skjorte_1280_IMG_0052.jpgVinnar av kvinneklassa, Ruth Solveig Årthun Bergane, i fint driv mot mål.

Resultatliste:

Konkurranseklassa herrer:  Født  Tid
1. Kristian Øvstebø,  Uskedalen   2004  21:30
2. Magne Årthun Bergane, Matre I.L.  2001  23:08
3. Vemund Hjelmeland, Omvikdalen  1979  23:20
4. Eirik Kjærstad Berge, Matre I.L.  1995  25:25
5. Bjørn Egil Haugland, Uskedalen  1963  25:37
6. Magnar Hillesdal, Stord  1956  26.40
7. Noah Lekva Hjelmeland, Omvikdalen  2006  27:13
8. Gisle Sellevold, IF Klypetussen  1951  41:35
     
Konkurranseklassa damer:    
1. Ruth Solveig Årthun Bergane, Matre I.L.  1998  27:05
2. Ine Fu Di Farestveit  2004  33:36
3. Madeleine Berge, Matre I.L.  2005  34:36
4. Sigrid Lekva, Uskedalen  2006  38:30

Trimklasse:   
Reidar Tveit, Kari Synnøve Tveit, Brit Torhild Tveit, Else Marie Vika, Evy Brekke, Håvard Brekke, Maria Ø. Berge, Anne Grethe K. Berge, Maria Skarveland, Lars Emil Berge, Berit Berge, Edmund Berge, Håvard K. Berge. Marit B. Endressen, Oddbjørn Sørheim, Reidun Sørheim, Erik Johan Furdal, Anna Sigrun Furdal, Marit Årthun, Rune Dahle, Arild Kvame, Nils Gunnar Øvstebø, Bjørn Rune Bergane, Kurt Reidar Jegteberg, Johan Hillesdal, Anne-Lise Hillesdal, Terje Tjelmeland, Gunnlaug Tjelmeland, Tage Berge, Marta Tjelmeland.Oddrun Berge, Gyda Tungesvik, Marie T. Dahle, Tanja Eikemo, Silvia Nyland, Anne Ruth Lekva, Helge Lekva Hjelmeland, Olve Lekva Hjelmeland, Vigdis Haugland, Jan Øvstebø, André Øvstebø, Claudia Øvstebø, Åse Farestveit, Birgitte Shan Qui Farestveit, Hagar Hassan.

Inne mellom turdeltakarane finn me tidlegare noregsmeister på maraton, Marit Årthun. Ho skulle på jobb, og tok turen som ein roleg treningstur i den knallbratte løypa.

Neste tilskiping i Åkra er Åkraløpet. Pinseaftan 8. juni. Her er det 270 deltakarar i ei bygd med 165 innbyggarar!

Ine_Farestveit_1280_MG_0063.jpg
Unge Ine Fu Di Farestveit var nr. 2.

Startnr3_1280_IMG_0032.jpg
Startnr. 3, Vemund Hjelmeland, vart nr. 3 i mål.

Startnr2_1280_IMG_0057.jpg
Noah Lekva Hjelmeland

Jente_Nr10_1280_IMG_0070.jpg
 Madeleine Berge

Jente_startnr4_1280_IMG_0076.jpg
Sigrid Lekva

Turgaaere_1280_IMG_0098.jpg
45 turgåarar i alle aldre fekk seg ein fin trim opp den fine, men bratte løypa.

Maaletabell I_1280_MG_0005.jpg
Tall for Vikakrafts produksjon. Drøye 13 millioner kilowatt-timer ga kraftverket i fjor. Det er nok til å holde 6-700 eneboliger med strøm i året.