Lilly_Oeren_i_Oektaren575_300pix_.jpg10 år gamle Lilly Øren med kanonløp!
I 2018 skreiv me om 10 år gamle David Øren som sprang kjempefort Osnes Rundt i Etne, der han vart nr. 2. I 2019 sprang systera Lilly Øren 10 år, i motbakkeløpet Øktaren 575. Ho vart nr. 2 med ein knallsterk prestasjon. Berre 4 sekund bak unge, men rutinerte Ellinor Austrheim, som vann. Ellinor har sjølv løyperekorden frå i fjor. I år var ho nokre få sekund bak sin eigen rekord. 

Løypa går frå Sandeid sentrum i Vindafjord kommune i Nord-Rogaland og opp til fjelltoppen Øktaren 575 m.o.h. 5.5 km med asfalt fyrste 1.1 km. Deretter traktorveg i svingar oppetter fjellet. Siste 4-500 m er det i bratt, smal fjell-løype,

Løpet er ei tilskiping i Kystkulturdagane, med veteranbåtar ved kai, og ulike kystrelaterte kulturinnslag.

Kjempeløp av Thomas Finshus - igjen!
Thomas Finshus er med over alt. Denne gongen sletta han Morten Gjendem sin rekord i Øktaren, sett i fjor. Thomas var med i fjor óg, men då hadde han definitivt ikkje sin beste dag. No tok han løyperekorden frå han som slo han i fjor. Og då veit me at dette var eit sterkt løp. Ein annan viktig faktor å ta med, er at når så sterke løparar som Thomas stiller opp på mindre løp, gjev hann tilskipinga og tilskiparane ein booozt og nivåheving på løpet. 

Fyrste sundag i august skipar Etne IL - Lilly Øren sin klubb, til Osnes Rundt i delvis ny trasé. Kanskje fylgjer ho fjorårsbragden
til broren David, og vert blant dei beste der óg? Fyrste helg i september skipar Thomas til sitt eige løp, nemleg Slusesløpet i Skjoldastraumen i Rogaland. Kanskje vinn han det óg...?

Kvinner senior:
1. Ellinor Austrheim, Vindafjord IL     39.27
2. Line Fjelldalselv                    41.29                  
3. Karine Klæbo                         42.14


Jenter:
1. Lilly Øren, Etne IL                  39.31
2. Kristine Hustveit Nybru              40.52
3. Oda Mehus                            49.59


Menn:
1. Thomas Finshus, Stegaberg IL         29.24 Løyperekord
2. Bård Olav Medhus                     29.31
3. Tobias Aarekol                       31.55


Gutar:
1. Torbjørn Hjelmtveit                  35.40
2. Tage Aarekol                         38.56
3. Oliver Byggstøl Ørke                 44.35


Alle resultat:
oktaren-575.jpg