Nye folk inn på "All Time High-lista?
Sjå listene her 

Sara Aarseth, Maryna Novik, Lars Lunde, Ørjan Grønnevig og Nils Haktor Bua er blant mange løparar som borger for kvalitet i toppen. Men heile 20 lokale løparar er påmelde i det som ser ut til å bli eit rekordstort felt. 

Løparar frå meir enn 20 lag er påmelde. Fleire lag har påmelding frå tre eller fleire jenter, eller gutar og vil kjempa om dei flotte lagtroféa.

Tre dagar før løpet er det kome påmelding frå ti jenter. Det er allereie ei meir enn i 2018. Men "Langs Åkrafjorden" har plass til mange fleire.

Bra premiering og flotte trekkjepremiar
1. premie: kr 4000,-
2. premie: kr 2000,-
3. premie: kr 1000,-

I tillegg er det kr 5000 for løyperekord.
Løyperekord (11 km):
Kvinner: Pernilla Eugenie Epland,       Stord IL      39.19  (2018)
Menn:    Okubamichael Fissehatsion, IK Tjalve    33.19  (2018)

"Bergprisen" (etter 2930 m):
Pernilla Eugenie Epland         11.30
Okubamichael Fissehatsion   9.55

Stort Hardanger-bestikk til fyrste kvinne og mann på toppen.

Blant dei mange flotte trekkjepremiane er det eit stort Hardanger-bestikk og kr 5000.
Desse vert trekte ut blant alle som har fullført ein av distansane, løpande, gåande, barneløp eller syklande.

Du kan melde deg på her


Populært Mini-langs med medalje til alle barna
IMG_5620.JPG
Denne dagen feirer Åkrafjordtunet 20-årsjubileum i målområdet. Her blir det folksomt! 

IMG_5656.JPG
Lars Lunde, Stord IL - ein av forgrunnsfigurane i Langs Åkrafjorden. Nr. 3 på "All Time High", med berre Okubamichael Fissehatsion og Laban Siro føre seg.

IMG_5611.JPGAlt ver er godt ver. Biletet er frå 2017, då ras i traseen gjorde at me måtte springa motsett veg ...