Vignett-kondiskommentaren.jpg

Ikkje lenge etterpå tikka det inn ei melding frå ein annan kompis. Han skreiv:

«Er så full av energi og utholdenhet etter iherdig innsats med trening mot Birken og påbegynnende formtopping mot det som ville blitt mitt desidert beste skirenn ever.»

Ein tredje hadde prikka inn toppforma til Boston Marathon og var heilt klart på veg mot noko stort, da avlysinga kom.

Haustsesong
Så står vi der (det vil seie ikkje eg som er i skralare form enn nokon gong) med ein fæla god form, men veit ikkje kva vi skal bruke ho til. Løpa er avlyst eller utsett i overskodeleg framtid. Kanskje blir det ein haustsesong, men korleis halde motivasjonen oppe? Fellestreningane som er så inspirerande og formbyggjande er innstilt. Skal overskottet berre gradvis svinne bort i ingenting?

Sjølv vil eg seie – etter å ha testa ut iallfall delar av formspekteret: Ver glad for at du er i god form sjølv om du ikkje får konkurrert. Det er mykje kjekkare å vera i god form enn å vera i dårleg form. Nyt at beina er spretne, at du slepp å puste tungt i motbakkane, at du kan flyte uanstrengt av garde på km-tider på 4- og kanskje 3-talet. Det er ei oppleving og ei glede i seg sjølv – som det ikkje er alle gitt å få oppleva.

Så får det våge seg at du ikkje får vist det i løp og på statistikkar. Du har likevel verdien av det å vera i god form inni deg og med deg. Ei eg var på treningsleir med i vinter utbraut fleire gonger medan vi sprang i lag: «Det er så deileg å vera i god form!» Da hadde ho ikkje konkurrert på lang, lang tid på grunn av skade, men likevel kjente ho den gode gleda over at forma var på plass. At ho eit par veker seinare sette halvmaratonpers med 4 minutt, var berre ein bonus.

Bonus
Og på ein måte er det der vi er: At alt er bonus. No når virus og sjukdom herjar, så blir gleda enda større, iallfall for meg, over at eg er i form til å springe. At eg har helsa og skogen og stiane. For mest av alt er det det det handlar om enten mila blir gjort unna på 30 eller 60 minutt. Vi er i live, vi kan springe og kjenne sola varme enda ein vår.

Når vi om nokre år ser tilbake på 2020, så er det kanskje det vi vil minnast med størst glede – kor heldige vi var som kunne dra ut og slik gi oss sjølv nokre friminutt frå dei mørke skyene som hang over kloden vår. I ein slik samanheng så betyr det så lite om det går fort eller sakte.

Og så er det likevel lov å tru at perseforma held seg heilt til hausten – eller neste vår. I mellomtida er det berre å nyte at du har ho inne.


«Vi er i live, vi kan springe og kjenne sola varme enda ein vår.»​

 

Runar Gilberg (f. 1965) er redaktør for bladet Kondis. Han har hovedfag fra Norges idrettshøgskole og har i en årrekke vært trener i Sportsklubben Vidar. Gilberg er med og arrangerer Rallarvegsløpet, og han har sjøl løpt alt fra 800 m til ultraløp med 2.28.37 som bestetid på maraton.